Hoddevik Strandcamp
Camping | Liten, familiedriven campingplass rett ved Hoddeviksanden. Vi tek imot telt, bubilar og campingvogner. Ope frå påske til midten av oktober.
Hoddevik er ein spesiell stad langt ut mot havet, vakker og vêrhard. Bratte fjellsider omkransar den vesle bygda med sandstrand der bølgjene skummar. Den smale og svingete vegen utover er ein attraksjon i seg sjølv. Etter å ha passert toppen på Hoddevikfjellet, begynner nedstigninga, og brått får du eit mektig utsyn mot busetnaden, stranda og havet. Vidare nedover går vegen i hårnålssvingar.
Hoddevik Strandcamp er ein liten campingplass for alle som ynskjer å nyte naturen i området, eller som berre vil slappe av litt utanfor allfarveg. Her kan du bade, surfe, padle, sole deg, gå i fjellet eller berre slappe av i teltet eller campingvogna. Har du småbarn, kan dei boltre seg med spann og spade. Den lange, finkorna sandstranda deler du med sjøfuglen. Heile tida vil du høyre lyden av bølgjene som slår innover. Solnedgangen her er magisk, og naturen er fascinerande uansett vêr. I Sauna Susanna kan du få varmen i deg om du treng det, medan du har utsikt til stranda og bølgjene.
Gjestene på Hoddevik Strandcamp er i alle aldrar, både surfarar, badegjester og dei som liker seg best på land. Her får du enkel standard, med toalett, dusj, drikkevatn og oppvaskkum. I kiosken får du kjøpt kaffi, is og brus, pizza, toast, litt salt og litt søtt. Daglegvarer kjøper du på Stadlandet, 12 km før du kjem til Hoddevik. Dei har ladar for el-bil, men du må ha med eigen kabel. Hundar er velkomne, dei må vere i band både på campingplassen, på sandstranda og i området elles.
Om sommaren er det ofte fullbooka. Det finst ikkje andre campingplassar i Hoddevik, og fricamping er ikkje tillate. Det er derfor viktig å bestille opphald på førehand.
Vår og haust er det som regel betre kapasitet. Tempoet er rolegare, og sjølv om vêret kan vere meir skiftande, byr årstidene på flotte naturopplevingar både i vatnet og på land.
Hoddevik er ei gammal jordbruksbygd der folk har budd sidan steinalderen. Bygda har eit særprega og verdifullt kulturlandskap. I fjellsidene går geiter, sauer og kyr på beite, medan graset på dei flate bøane blir hausta som vinterfôr til dyra.
Tidlegare var fiske eit viktig supplement til gardsdrifta. Naustrekkja ytst mot havet er eit viktig kulturminne, saman med moloen som gir ly for båtar nytta til fritidsfiske og rekreasjon. I godvêr kan du gå heilt ut på tuppen av moloen og nyte utsikta, men når stormen rasar piskar bølgjene over.