Bremanger Fjordhotell
Hotell | Med flott hotellhage ligg Bremanger Fjordhotell idyllisk til ved fjorden i Svelgen i Bremanger kommune. I nærleiken finn du attraksjonar som Hornelen og det unike devonske fjellområdet mot Ålfotbreen.
Frå Bremanger Fjordhotell kan du oppleve hav, fjord og bre på same dag – frå Vetvika og Grotlesanden på Bremangerlandet i vest til det devonske fjellandskapet og Ålfotbreen i aust. Hotellet er også det næraste hotellet til Hornelen, Nord-Europas høgaste sjøklippe, berre 25 minutt med bil unna.
Etter ein dag med opplevingar kan du nyte god mat og drikke i den flotte hotellhagen med både sjørøverskute og koi-karpedam. Hotellet har også moderne treningssenter med sauna, stor restaurant og kafé med leikerom for barna. Her finn du 40 rom i ulike storleikar – frå standard dobbeltrom til større familierom med ekstra soverom. Det er også mogleg å leige båt, kano og syklar, og hotellet har eiga gjestehamn for dei som kjem sjøvegen.
Velkomen til Bremanger Fjordhotell!