Skrivergaarden

Address: Løkjavegen 184, 6773 Nordfjordeid
Beliggenhet: Stad (Nærme elv, Ved fjorden)

Hotell og camping | Skrivergaarden ligg landleg til nokre kilometer frå Nordfjordeid sentrum, nært både fjord og fjell.



I enden av vegen, i sørhellinga ovanfor fjorden, ligg Skrivergaarden – staden for herskapeleg ro, friheit og inspirasjon. Her vert du tatt i mot av eit vertskap som har tid og høve til å vise deg staden i all sin prakt.

Sidan 2017 har Skrivergaarden tilbudt eksklusiv utleige til seremonielle høve, markering av runde dager eller til leiarsamlingar for lokale verksemder - med overnatting for inntil 22 personer. Staden har òg vorte populær hjå toppturenstusiastar, dei som søkjer ro ved yoga og
venegjengar som vil ha ei ekstra god ramme om ein samankomst.

Med røter som strekk seg heilt tilbake til 1300-talet, har staden lang historie som samlingsplass, og tilhaldsstad for ei rekke menneske med mynde og kunnskap, så som adelsmenn, embetsmenn og sorenskrivarar. Då kjend under namnet “Leikvin”.

Noverande bygning vart oppført i 1790 og har hovudsakeleg tent som sorenskriveri, men har òg husa diktarprestar og kunstnarar, og vart i 20 år drive som kultursenter. Det staselege bygget er freda, og blant dei største og best bevarte frå si tid i området.

Nyt dagens fyrste kaffikopp i biblioteket, det blå kabinett eller i kvardagsstova med fyr i grua. Den historiske ramma gjer noko med deg, ein fell til ro og vert audmjuk. På ein god dag vaknar du med inspirasjon og ny energi etter nokre dagar på Skrivergaarden. Det lokale vertskapet skreddersyr opphaldet etter ynskjer og behov.

Velkomen til å ta eit steg til sides frå kvardagen. For det er på høg tid med litt høgtid i det kvardagslege.

Bygninga er varsomt restaurert i 2017, men særpreget frå 1700-tallet er intakt. Tømmerveggar i originalfargar er henta fram, og romma er innreda med antikvitetar og klassiske møblar som gjer den rette atmosfæra. Skrivergaarden er ideell for mindre og mellomstore arrangement. Huset rommer fleire salongar, og byr i tillegg på eit velutstyrt, moderne kjøken og fem gjestetoalett. Her finst òg ein festsal med handmåla, hollandske tapet frå 1600-talet med nasjonal verneverdi. I andre etasje finn du ‘den raude salen’, kjend for sine dekorasjonar i hyrdestil måla direkte på tømmerveggane.

Skrivergaarden tilbyr komfortabel overnatting i 10 individuelt innreia soverom, oppkalla etter tidlegare lagmenn, adelsmenn og sorenskrivarar. Totalt finst det 3 enkeltrom, 5 dobbeltrom og 2 firemannsrom, alle med håndsnekra senger i Louis Seize-stil. Dei fleste soveromma har eigne bad, oppgradert i tråd med husets historie og omgjevnadene. Romma har utsikt anten til gårdsplassen eller til hagen med fjordgløtt.

Skrivergaarden har eit stort utendørsområde og ein avskjerma hage med kort veg til fjorden og elva Hjalma. Her er fine turmoglegheiter i variert terreng lett tilgjengeleg, anten du ynskjer ei kort vandring mellom historiske stølar, ein lett fjelltur eller ein lengre dagstur. Langs Hjalma er det opparbeida ein grusveg som gjer fine nærnaturopplevingar. Her er det òg moglegheiter for laks- og ørretfiske i sesong. Tett på ligg dessutan dagsturhytta på Naustdalskamben, som gjer ei spektakulær utsikt inn til Nordfjordeid sentrum og Hjelmelandsdalen, samt utover Nordfjorden. På Skrivergaarden har du det perfekte utgangspunkt for alle moglege slags aktiviteter, heile året. Med kort avstand til Hjelmelandsdalen og Harpefossen alpinanlegg ventar dei store naturopplevingane, anten du føretrekk fjelltur til fots eller topptur på ski. Her organiseres også rideturer.

Skrivergaarden har gjennom mange år husa kultur, og målsetningen er at staden igjen skal verte ein levande, kulturell møteplass med både kunst og musikkopplevinger. Mellom anna har dei no starta opp med månadlege kunstutstillingar gjennom heile året, og Skrivergaarden er difor ein stad også for kulturopplevingar. Det er i tillegg kort avstand til Operahuset Nordfjord som rommar både kultursal, kinosal og bibliotek.

Ærverdige Skrivergaarden gjer ei eksklusiv, historisk ramme rundt ditt arrangement og er ein perfekt stad å samlast, både for bedrifta, familien og vennegjengen. Kombinasjonen av historie, tradisjon og moderne fasiliteter gjer dette til ein unik møtestad, ideell både for styremøter, kurs og konferanser, eller for å markere høgtider og spesielle anledninger. Medan nærleiken til fjord og fjell gjer Skrivergaarden til det perfekte utgangspunkt for ei variert aktivitetsferie. På Skrivergaarden skreddersyr dei kvart arrangement og sørgjer for at gjestene får ei uforgløymeleg oppleving.

Fasilitetar og tenester

Beliggenhet
Nærme fjellområde Nærme naturen Landleg Ved fjorden Havutsikt Nærme elv
Generell informasjon
Antal etasjar 2 Antal rom 10 Bygd år 1790 Sist renovert 2017 Innsjekk 12:00 Utsjekk 12:00 24-timers innsjekk
Generelle fasilitetar
Vannkoker/Kaffimaskin Gratis Wi-Fi Badekar Enkeltseng Dobbeltseng
Fritidsfasilitetar på området
Fotturar
Spesielle krav
Sprinkelseng tilgjengeleg Kjæledyr tillatt Røykfritt
Parkering
Parkering for buss Utandørs parkering - Gratis

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 472 85 709

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 20.01.2023 16:01:59, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails