Sandeåsen Feriesenter
Camping |
Sandeåsen er ei skjult perle i Lodalen. Anlegget ligg for seg sjølv frå hovudveg (ca.4,5 km frå Loen), omkransa av høge majestetiske fjell og utsikt mot vakre Lovatnet.
Sandeåsen Feriesenter er eit nyoppstarta feriesenter, feriesenteret tilbyr overnatting på campingplass og i hytter.
Oppstillingsplassane (46 stk) overheld ny standard med 4 meter avstand mellom einingane.
Hyttene held god standard og har plass til 4-5 personar.
Tilhøyrande servicebygg tilbyr familierom med dusj og toalett, vaskemaskin og tørketrommel, moglegheiter for oppvask.
Ein finn også kafé, restaurant og bar i bygget.
Sandeåsen Feriesenter er eit idyllisk feriesenter lokalisert i magiske Lodalen. Feriesenteret er nyoppstarta (juli 2022) . Campingen tilbyr høg standard på både oppstillingsplassar og fasilitetar. Campingen har 46 oppstillingsplassar som overheld ny standard med 4 meter avstand mellom enheitane.
Feriesenteret tar imot bobil, campingvogn, telt og hengekøye.
Feriesenteret har også hytteutleige, alle hyttene har plass til 4-5 personar og held god standard.
I det tilhøyrande servicebygget finn ein store familierom med toalett og dusj, ein finn også eit vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Det er også her moglegheiter for oppvask.
Servicebygget har også ein kafé, restaurant og bar. Ein kan kjøpe seg god mat og drikke, i høgsesong kan ein også få varme rundstykker og påsmurt i kjøledisken.
Rundt campingen har ein fine turmogelegheiter, ein kan gå toppturen til Skålatårnet direkte frå campingen eller gå 2 minutt frå plassen til ein idyllisk plass kalla Utsikten.
Feriesenteret tilbyr også utleige av forskjellige aktivitetar. Ein kan blant anna leige El-sykkel, kano, båt, SUP brett og hengekøye.
Fasilitetar og tenester
Kontaktinformasjon
I nærområdet
-
Sande Camping HytterHytter, Camping, Hotell og camping, Hytter og Leilegheiter, Overnatting676 mSande camping ligg idyllisk plassert ved Lovatnet i Lodalen.
-
Sande Camping LeiligheiterFeriehus & Leilegheiter, Camping2 kmSande Camping i Loen byr på overnatting i gode hytter og apartments, frå den ...
-
Strynsvatn Camping og FeriehytterOvernatting, Camping, Hytter og Leilegheiter, Feriehus & Leilegheiter, Hytter8,5 kmStrynsvatn Camping er ein del av PlusCamp kjeden, og vi er i NHO Reiseliv kla...