Nygård Camping

Address: Bolstadvegen 28, 6798 Hjelledalen
Beliggenhet: Stryn (Fjellområde, Nærme elv)
vis kart

Camping | Bu mellom høge fjell i Hjelledalen på Nygård Camping. Her finn du hytter, campingplass, bakeri og kafé, med kort veg til fjord, fjell og store naturopplevingar.

Det er kort veg til Geiranger, berre 16 km til Stryn Sommerski, 9 km til Jostedalsbreen Nasjonalparksenter og 3 km til idylliske Hjelle. Det er flott å gå eller sykle på grusveg til Hjelle. Det er 30 km til Stryn sentrum og om lag 38 km til Loen Skylift.

Det er ein fin campingplass for familiar. Her er både leikeplass, trampoline og trøsyklar for barn og vaksne. På Nygård finn du også sparkesyklar, og i gangavstand er det pumptrack og skateramper.

Campingen har eige bakeri og kafé. Her kan du kjøpe fersk bakst til frukost, mellom anna Brix og rykande ferske kanelbollar.

På ettermiddagen og kvelden er det mogleg å kjøpe varm mat. Her får du burger og pommes frites, og ikkje minst den populære pizzaen. Maten blir laga på eige bakeri på Nygård Camping.

Campingen har seks hytter med stove og hems. Alle har dusj og toalett. Hyttene har kjøkken med dekketøy og oppvaskmaskin, kokeplater, kjøleskap, mikrobølgjeomn, kaffitraktar og vasskokar.

Sengetøy og handkle er inkludert i prisen på hyttene. Hyttene har plass til 2–7 personar.

Plassen har som nemnt pub/kafé med eige bakeri. Det er sanitæranlegg med vaskemaskin og tørketrommel, kjøkken med kokeplate, steikeomn, mikrobølgjeomn og vasskokar. Dusjane har dusjautomat.

Det er 16 straumuttak for campingvogner og bubilar.

Velkomne til Nygård camping & Bakst!

Fasilitetar og tenester

Beliggenhet
Fjellområde Nærme fjellområde Nærme naturen Landleg Fjellutsikt Nærme elv
Generelle fasilitetar
Balkong/terasse Restaurant
Fritidsfasilitetar på området
Fotturar

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 483 98 646 / 975 47 335
Kontakt e-post
Powered by VISIT

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt