Årskogvika Camping
Camping | Enten du vil slappe av ved sjøen, ha eit godt utgangspunkt for å oppleve Nordvestlandet, eller rett og slett treng ein stad å overnatte, så er Årskogvika Camping den ideelle staden.
Campingplassen ligg solvendt ved fjorden. Dei fire romslege hyttene er plassert berre eit kort steinkast frå fjorden og har ei av dei mest praktfulle utsiktene i Nordfjord.
På sommaren kan du nesten ta på dei store cruisebåtane som dagleg seglar forbi. Her kan du sitte ved strandkanten og sjå fire fjordar møtast, bade og nyte sola som speglar seg i klukkande bølgjer. Saman med familie eller vener kan du ta kortare eller lengre dagsturar til natur- og kulturopplevingar både i Nordfjord, Sunnfjord, Sogn, og på Sunnmøre.
Om vinteren kan du bruke campingplassen som base etter aktive dagar på ski, enten i alpinanlegga på Harpefossen og Utvikfjellet eller i oppkøyrde skiløyper og urørt natur.
Romslege hytter og camping ved fjorden
Årskogvika Camping har fire høgstandard, vinterisolerte hytter med plass til opptil fem personar. Hyttene er godt utstyrte og har kjøkkenkrok, stove, to soverom, bad og veranda med utsikt over fjorden og fjella.
For deg som ønskjer eit enklare alternativ, er «Bua» ei koseleg hytte med plass til tre personar. Her er det kjøkkenkrok, medan dusj og toalett er tilgjengeleg i fellesanlegget på campingplassen.
Campingplassen har også ein liten teltplass heilt i sjøkanten, med flott utsikt over fjorden. For bubil og campingvogn er det usjenerte plassar nær både veg og fjord. Som campinggjest har du tilgang til fellesanlegg med dusj, toalett og vaskerom.
Vil du oppleve fjorden frå sjøen, kan du leige båt på campingplassen. Anten du vil fiske, utforske fjorden eller berre nyte ein roleg tur på vatnet.