Innvik Fjordhotell
Hotell | Bu med Nordfjorden som næraste nabo på Innvik Fjordhotell. Nyt fjordutsikt i hotelhagen, heimelaga tradisjonsmat, badestrand og kort veg til opplevingar i Nordfjord.
Hotellet med fjorden i hagen - i hjartet av vakre Vestlands-Norge.
Bu rett ved Nordfjorden på Innvik Fjordhotell, med fjorden berre få meter frå restauranten og utsikt over fjord og fjell. Hotellet ligg i Innvik i Stryn kommune og er eit fint utgangspunkt for å oppleve Nordfjord og Vestlandet.
Restauranten ligg på fjordsida, berre fem meter frå fjorden, og frå uteserveringa kan du nyte måltidet med fjorden som næraste nabo. Hotellet legg vekt på heimelaga tradisjonsmat. I hovudsesongen blir det servert middagsbuffet, medan restauranten tilbyr à la carte i lågsesongen.
Hotellet har eiga badestrand og sandvolleyballbane, og i nærområdet finn du fleire fine turmoglegheiter både i bygda og på fjellet. Frå Innvik er det kort veg til kjende attraksjonar som Loen Skylift, Olden og Lodalen, og hotellet eignar seg også godt som base for rundturar i Nordfjord og vidare til mellom anna Briksdalsbreen, Geiranger, Trollstigen, Vestkapp og Sognefjorden.
Innvik Fjordhotell har 26 dobbeltrom, der 10 kan gjerast om til trippelrom, sju enkeltrom og eitt familierom. Hotellet har TV og trådlaust Wi-Fi, heis og er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Det finst også ladepunkt for elbil.
Hotellet tilbyr kurs, konferansar og dagskurs med overnatting for grupper på inntil 60 personar. Det er også mogleg å bestille mat til bryllaup, konfirmasjonar, fødselsdagar, firmafestar, julebord og andre arrangement. Selskap kan haldast på hotellet, eller maten kan bestillast for levering.
Innvik Fjordhotell er sertifisert som Miljøfyrtårn. Hotellet ligg 17 km frå Olden og 23 km frå Loen langs Fv60. Ekspressbussen mellom Bergen og Trondheim, som korresponderer med Nordfjordekspressen mellom Stryn og Oslo, stoppar ved hotellet.
Hotellet er vinterstengt frå 15. desember til 1. mars.