Trollbilane - Den vakraste bilturen

Dato: Tysdag 20 apr 2021 - søndag 31 okt 2021

Den vakraste bilturen, som tar inn til den mektige Briksdalsbreen som er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark.

 

I meir enn hundre år hadde bøndene i Oldedalen frakta turistar med hest og kjerre inn til vakre Briksdalsbreen. I 2004 valde ein å leggje ned dette tilbodet, og i staden tilby turen til breen med spesielle “Trollbilar”.

Turen går frå haldeplassen like ved souvenirbutikken i Briksdal - og vegen slyngjer seg i vakker natur opp langs fossar og stryk i Briksdalen. Frå endestasjonen på Kleivane og inn til vatnet ved Briksdalsbreen er det ca. 500 meter å gå. Stien er brei og fin og her vandrer du gjennom urørt natur i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Ein rundtur med Trollbilen tek ca. 1,5 time, med stans på toppen.
Sesong fra mai – oktober.
I skuldersesongen (mai og oktober månad) MÅ turane tingast på førehand.

Vis meir

Bestill no

Build: 14.04.2021 11:03:12, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails