Rakssetra

Address: Rake, 6789 Loen Dato: Torsdag 30 jul 2020 - onsdag 30 jul 2025 Vis kart

Address: Rake, 6789 Loen

Rakssetra ligg idyllisk til som eit postkort i fjellsida mot Årheimsfjellet. Dette er ein tur som har blitt svært populær siste tida. Kvar dag gjennom sommaren tek titalls mennesker seg opp her.

 

Rakssetra er ei seter. Seter er frå gammalt av ein plass der ein tok med dyra sine for å beite på sommaren. Bygningane på ei seter blir oftast kalla sel, desse høyrer til dei ulike gardane i Bygda. Det er på grunn av dyra og tidlegare seterdrift at landskapet rundt er så vakkert og det skal ein takke bøndene for. I dag blir Rakssetra nytta som ferieplass for dei som eig sela der. Det er difor viktig å ha respekt for at det framleis er folk som bur her delar av året og brukar dette som hyttene sine.

Parkering/tur til Rakssetra
Turen til Rakssetra startar på Oppheim mellom Stryn og Loen. Det er bomveg det siste stykket inn mot parkeringsplassen, og ei avgift på 70kr. I starten følger ein anleggsvegen mot Hoven før ein deretter tar til venstre og følger ein merka sti som fører til Rakssetra. Her er det panoramautsikt til Olden og Loen. Ein treng ikkje alltid gå på dei høgaste toppane for dei store naturopplevingane! Berekna tid er kring 1 time og setra ligg på ca 540 moh.

I frå Rakssetra kan ein gå vidare opp til Oppheimsetra på 640 moh på fin sti og derfrå til Hoven på grusveg, der ein finn Loen Skylift, flotte fjellturar og ein heilt ny Zip-line.

Camping/overnatting på Rakssetra:
I allemannsretten står det at camping skal skje MINST 150 meter frå nærmaste hytte eller hus. Dette betyr at ein ikkje kan sette opp telt eller hengekøye på sjølve sætra. Vi ber alle besøkande om å følge dette då dei som eig hyttene på Rakssetra skal kunne få ha privatlivet sitt og roen dei har rett på når dei er på hytta si.

Det er forbode å tenne bål mellom 15. april og 15. september, med unntak av plassar som i vasskant eller på godkjente bålplassar der brannfaren er liten. Du er juridisk ansvarleg for at flammar ikkje spreiar seg og for at den er sløkt før du forlet området.

Vis meir

Anledning

Dato    
24 Nov
Tysdag 24 nov 2020
25 Nov
Onsdag 25 nov 2020
26 Nov
Torsdag 26 nov 2020
27 Nov
Fredag 27 nov 2020
Build: 23.11.2020 18:15:40, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails