Mosekleivhornet

Address: 6750 Hoddevik Dato: Tysdag 28 jul 2020 - måndag 28 jul 2025 Vis kart

Address: 6750 Hoddevik

Tur med utsikt til Hoddevik

 

Det er to ruter til Mosekleivhornet:

Dragseidet – Mosekleivhornet. Det er 16,5 km t/r og 996 høgdemeter
Parker på parkeringsplass ved Vikinglandsbyen på Dragseidet mellom Stadlandet og Drage. Her kristna kong Olav Trygvason 4 fylker (Sygna, Firda, Sunnmøre og Raumsdal fylke) i år 997 ! Det er også plassen for starten til fjelløpet Stadlandet Rett Vest (13,2 km) som går i Mai kvart år. Følg Skilting og røde pinner til topps. Stien går i lyng og nokre korte innslag av myr. Stien går jamt og fint oppover mot Vardeberget. Oppe på Vardeberget har du fin utsikt men ikkje 360 graders rundskue. Så er det berre å fortsett turen videre til Grøtrøysa som er omtrent like langt som frå Dragseidet til Vardeberget. Følg merking Stadlandet Rett Vest løypa. Du må over Langedalsnibba og Solumskard før Hoddeviksfjellet og siste slakke stigning mot Mosekleivhornet. Det er ein ca 200 meter avstikker til venstre frå Rett Vest løypa til Mosekleivhornet med flott utsikt til Hoddevik på toppen.

Om du vil ha ein kortere tur enn turen tilbake til Dragseidet 16,5 km kan du fortsette Stadlandet Rett Vest løypa til Stad Grendahus i Ervik (Refsnes (totalt 13,2 km , ca. 3 timer og 600 høgdemeter). Hugs bil/sykkel i Ervik (Stad grendahus) for retur til Dragseidet.

Stad Grendahus i Ervik – Mosekleivhornet. Det er 8,4 km t/r og 488 høgdemeter
Kan selvfølgelig ta turen frå Stad Grendahus i Ervik (Refsnes). Då er det 8,4 km og det er berre å følge merking frå Grendahuset. Løypa går rundt Grendahuset og gjennom grind på baksiden, også tar du til venstre etter grinda. Litt bratte fjelknauser først også litt bløtt terreng før det er tørt og fin stigning heilt til Mosekleivhornet.

Turebeskriving henta frå ut.no

Vis meir

Anledning

Dato    
30 Nov
Måndag 30 nov 2020
1 Des
Tysdag 1 des 2020
2 Des
Onsdag 2 des 2020
3 Des
Torsdag 3 des 2020
Build: 01.01.2000 00:00:00, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails