Rugsund handelsstad

Address: 6734 Rugsund Dato: Fredag 30 apr 2021 - torsdag 30 apr 2026 Vis kart

Address: 6734 Rugsund

Omkransa av vakker natur ligg den gamle handelsstaden i Rugsund på austspissen av
Rugsundøya.

 

Rugsundet er "snarvegen" til Nordfjord når ein kjem sør ifrå innover Frøysjøen. Den berykta Rugsundstraumen er òg å finne i kort avstand frå den gamle handelsstaden. Den lune og gode hamna sentralt plassert ved den indre skipsleia langs kysten var ettertrakta av dei sjøfarande. I dag er hamna mykje besøkt av båtturistar som for alvor har oppdaga den idylliske og fredelege hamna. På Rugsund Handelsstad kan du òg overnatte. Du kan leige rom, leilegheit, hus eller teltplass. Du har høve til å leige selskapslokale til private arrangement, slik som bryllaup, konfirmasjonar, bedriftsutflukter, konferanse etc. I Rugsund-området er det svært gode tilhøve for dykking. Her kjem turistar frå alle verdsdelar og uttalar seg om den vakre dykkeopplevinga som er å finne i Rugsund. På handelsstaden kan du fylle dykkarflasker. Når ein befinn seg på Rugsundbrua tek ein av éin meter frå tunnelopninga. Vi anbefala å halde lav fart og parkere på første parkeringsplassen, i staden for å køyre heilt ned på den gamle, smale vegen.

Vis meir

Anledning

Dato    
13 Mai
Torsdag 13 mai 2021
14 Mai
Fredag 14 mai 2021
15 Mai
Laurdag 15 mai 2021
16 Mai
Søndag 16 mai 2021
Build: 07.05.2021 11:17:37, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails