Dagsturhytta | Måløy

Dato: Tysdag 28 jul 2020 - måndag 28 jul 2025 Vis kart

Klettenhytta ligg i Deknepollen med utsikt mot fjord, fjell og hav.

 

Tilkomst og parkering
Hytta ligg i Deknepollen og har tre ulike tilkomstar: Ein frå Blålid, ein frå Kulen (rett før Måløybrua) og tilkomsten frå Okshola, som er mest brukt.

Dersom du skal gå vegen frå Okshola, er det best å parkere ved Skavøypoll barnehage/skule. Følg vegen opp til øvre Okshola før stien startar. Denne turen tar ca. 30 minutter i normalt tempo.
Dersom turen startar på Kulen, er det best å parkere ved Asvo og gå langs vegen til starten på stien. Dette er ein kortare, men brattare sti til toppen. Turen tar ca. 15 minutter.
Stien frå Blålid er ikkje knytt til noko spesiell parkering og tek ca. 35 min. å gå i normalt tempo.
Stien til hytta

Alle tre tilkomstane er familievennlege turar, men det er lettare terreng i turane frå Okshola og Blålid. Alle stiane er i kupert terreng. Turen frå Kulen er kort, men bratt. Dette er ein populær turtopp for familiar og er ein del av turane i vintertrimmen junior i regi av YNT (Ytre Nordfjord Turlag). Hytta ligg rett nedanfor toppen på fjellet på ca. 135 høgdemeter.

Vis meir

Anledning

Dato    
29 Okt
Torsdag 29 okt 2020
30 Okt
Fredag 30 okt 2020
31 Okt
Laurdag 31 okt 2020
1 Nov
Søndag 1 nov 2020
Build: 23.10.2020 15:51:24, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails