Dagsturhytta | Hornindal

Dato: Tysdag 16 feb 2021 - måndag 16 feb 2026 Vis kart

Nakkebruna passar fint som turmål for barnefamiliar. Her ser du mot Hornindalsvatnet, Grodås og inn til Hornindal. Namnet kjem av fjellhamaren Nakkebruna, som ligg like nedom hytta.

 

Tilkomst og parkering
Parkering ved Hornindal skule. Alternativt ved kommunal veg, der stien startar.

Stien til hytta
Dagsturhytta ligg berre eit steinkast frå traseen for Hornindal Rundt-løypa, og turen opp går i løypetraseen.

Frå skulen følger du vegen på sørsida av skulen og så over gangbrua til Ytrehorn. Gå rett fram, over fv. 726, og gjennom eit gardstun fram til kommunal veg. Følg vegen opp bakken, og ta til venstre ved merka løype. Stien vidare oppover er jamt bratt, og merka med kvite runde flekkar. Frå den kommunale vegen og vidare oppover er stien ikkje universelt utforma og såleis ikkje lagd til rette forbruk av rullestol, trille eller barnevogn.

Avstandar
Hytta ligg på om lag 190 moh. Turen opp tek om lag 30 minutt i roleg tempo frå parkeringsplassen ved skulen.

Vis meir

Anledning

Dato    
26 Feb
Fredag 26 feb 2021
27 Feb
Laurdag 27 feb 2021
28 Feb
Søndag 28 feb 2021
1 Mar
Måndag 1 mar 2021

Om denne aktiviteten

Build: 01.01.2000 00:00:00, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails