Sagastad

Address: Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid Dato: Torsdag 17 jun 2021 - tysdag 3 mar 2026 Vis kart

Address: Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid

Sagastad er eit moderne besøkssenter om vikinghistoria på Nordfjordeid. Her får du stige om bord i det 30 meter lange Myklebustskipet, landets største vikingskip.

 

Reis tilbake i tida i vår heilt nye VR-verden og opplev Nordfjordeid som virtuell vikinglandsby. Møt vikingkongen Audbjørn, og lær om hans liv og død gjennom den interaktive utstillinga. Oppdag mystiske ritual og mytologi frå den norrøne trua, og sjå korleis skipet gjenoppstod frå oska i gravhaugen. Senteret fengjer gjestar i alle aldrar, og er ein ypparleg stad å besøke med heile familien.

Sagastad er eit kunnskapssenter av nasjonalt format. Senteret er forankra i forskning i samarbeid med Universitetet i Bergen. Den mest sentrale delen av senteret er det spektakulære Myklebustskipet. Skipet ligg midt i senteret, omringa av interaktive utstillingar som hovudsakleg er knytte til skipet og dei andre gravfunna på Nordfjordeid.

Velkommen til vikingtida!

Vis meir

Bestill no

Om denne aktiviteten

Telefon booking
+47 578 62 200
Telefonnummer
+47 578 62 200
Kontakt e-post
Build: 14.06.2021 17:38:03, Host: ONLINE3CORE20, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails