Sagastad
Address: Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid Dato: Torsdag 24 sep 2020 - onsdag 24 sep 2025 Vis kart
Address: Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid
Sagastad er vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida. Her kan du oppleve det 30 meter lange Myklebustskipet – eit av verdas største vikingskip. Lær om mystikk og ritualer, om store reiser i fantastiske skip, og om vår stolte kulturhistorie.
Med ei av landets rikaste, største og mest spektakulære vikinggraver midt i sentrum, er Nordfjordeid den openbare lokaliseringa av Sagastad. Det er i tillegg fleire andre undersøkte rike graver frå vikingtida på Nordfjordeid, som stadfestar staden si sentrale rolle på denne tida.
Sagastad er eit kunnskapssenter av nasjonalt format. Senteret er forankra i forskning i samarbeid med Universitetet i Bergen. Den mest sentrale delen av senteret er det spektakulære Myklebustskipet. Skipet ligg midt i senteret, omringa av interaktive utstillingar som hovudsakleg er knytte til skipet og dei andre gravfunna på Nordfjordeid.
Bestill no
Om denne aktiviteten
I nærområdet
-
Nordfjord Hotell BryggenHotell502 mNordfjord Hotell - Bryggen er ei underavdeling av Nordfjord Hotell og ligg ve...
-
Nordfjord HotellHotell, Hotels, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Overnatting, Hotell og camping736 mFrom 990 NOKNordfjord Hotell har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har re...
-
Gloppen Hotell - By Classic Norway HotelsHotell, Mat og Drikke, Lokalmat19,2 kmOvernatt i historiske omgjevnader i hjartet av Fjord Norge. Gloppen hotell er...