Loen Active

Address: 6789 Loen Dato: Tysdag 28 jul 2020 - tysdag 17 jun 2025 Vis kart

Address: 6789 Loen

Loen Active er ei aktivitetsbedrift, som gjev deg opplevingar med start frå Loen sentrum. Via Ferrata Loen, fjellturar med guide, sykling og aktivitetar på fjorden.

 

Loen Active er lokalisert i Loen sentrum rett ved RV 60. Om vinteren har blir det laga skøytebane med utleige av skøyter, samt utleige av truger og kjelkar på Hoven.
Flaggskipet er Via Ferrata Loen, ein klatresti (bygd i 2011) rett bak Hotel Alexandra. På «jernstien» opp fjellsida endar ein på fjellet Hoven (1011 moh), med spektakulær utsikt til Lodalen, Oldedalen, Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. Sommaren 2013 opna Gjølmunnebrua, den lengste via ferrata brua i Europa. Brua er 120 m lang og 35 cm brei, 170 meter over bakken! I tillegg er der flust i ulike moglege ruter å ta, samt ei 36m lang wire bru. Via Ferrata Loen høver godt for aktive turistar, teambuilding, firmaturar, vennegjengar; kort og godt ein fenomenal tur for deg som ønskjer å oppleve noko nytt og spektakulært i den nydelege vestlandsnatur.
Andre populære tilbod er sykkelutleige, båtutleige på fjorden og fjellturar med guide. Vinterstid tilbyr vi skøytebane, og utleige av truger og kjelkar.

Opplev Loen frå kajakk, enten på Nordfjorden eller på Lovatnet. Loen Active tilbyr kajakkturar med guide i doble kajakkar. Turen kan også kombinerast med ein vandretur.

Skøytebana er open frå 1. desember til 1. mars. Skøytebana er opplyst til kl 21 kvar dag.

Butikk
Loen Active har salg av La Sportiva motbakkesko, joggesko, via ferrata klatresko, fjellsko og kle, Bridgedale sokkar, Casco sykkelhjelmar, Skogstad ytterkle for dame og herre, Via Ferrata loen t-skjorte, Eisbär huer, Skåla Opp t-skjorte, cap, krus og nøkkelringar, drikkeflasker, Buff, Sponser sportsenergi, La Sportiva sekkar, klatrehanskar, Zeal solbriller, stavar med meir

Opningstider
Måndag til fredag kl 9-17
Laurdag kl 8-20
Søndag kl 8-19

Bestill no

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
1 Des
Tysdag 1 des 2020 10:00 - 20:00
2 Des
Onsdag 2 des 2020 10:00 - 20:00
3 Des
Torsdag 3 des 2020 10:00 - 20:00
4 Des
Fredag 4 des 2020 10:00 - 20:00

Om denne aktiviteten

Telefon booking
47 57875800
Telefonnummer
47 57875800
Kontaktperson
Erik Brendefur
Kontakt e-post
Opningstider
Opningstider Måndag til fredag kl 9-17 Laurdag kl 8-20 Søndag kl 8-19
Prisinformasjon
250 NOK
Build: 01.01.2000 00:00:00, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails