Address: Perhusvegen 24, 6783 Stryn
Løype i Gloppen frå Kleivane til Haugsvarden
Kleivane skisenter ligg 15 minutts køyringfrå Sandane Sentrum. Skisenteret ligger på ca 480 moh og er eit ypperleg utgangspunkt for å ta seg ein skitur. På kvardager vert løypene køyrt opp til ca kl 18 00 og i helgane vert dei vanligvis køyrt opp frå kl 9.00.
Det er parkeringsavgift på parkeringsplassen. Ein kan også kjøpe årsktort til kr 600,- på Cirkle K og Sparebanken Sogn og Fjordane på Sandane
Løypemannskapet til Fjellhug/Vereide køyrer løype frå Kleivane til Haugsvarden. Om ein ynskjer kan ein ta løypa om Gloppestad- og Austrheimstøylen.
Ofte er der skispor rett opp frå Kleivane skisenter, det er litt kortare og brattare enn der trakkemaskina køyrer.
Sjølv om Haugsvarden "berre" er på 862 moh har ein nydeleg utsikt! Vi ser mellom anna Sandane, Lote, Hennebygda, Hopland og Innvik. Av fjell kan vi nemne Ryssdalshornet, Traudalsnibba, Morafta, Eikeneshesten, Hyeneshesten, sendaren på Lote, Kyrkjefjellet, Sunndalsnipa, Sunnmørsalpane, Skåla og Snønipa!
Slik kommer du deg dit
Adkomst
På Austrheim tar ein av frå E39 og føl skilting til Fjellbygda/Kleivane.
Om denne aktiviteten
I nærområdet
-
Fjordblikk HytterHytter, Overnatting, Hytter og Leilegheiter, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Cottages & Holiday Houses30,9 kmVelkommen til Fjordblikk Hytter. Vi har fire hytter til utleige i rolige omg...
-
Sande CampingFeriehus & Leilegheiter35 kmSande Camping i Loen byr på overnatting i gode hytter og apartments, frå den ...
-
Sande CampingHytter36,4 kmPlusCamp Sande Camping byr på overnatting i hytter og apartments,både enkle s...