Holvikfossen

Address: 6821 Sandane Vis kart

Address: 6821 Sandane

Ved Holvikfossen (370 m.o.h.) på Sandane, eit stykke bortanfor Utsikten, kan du sitje på ein stein i vassføringa rett over stupet av fossen og nyte synet av fjord og fjell. 45-55 min. å gå frå Sandane sentrum til toppen av fossen, bratt mot slutten. Gå opp vegen bak Firda vidaregåande skule, over gangbrua og garden Holvik. Så kryssar du E-39, passerer parkeringsplassen og fylgjer den merka stien vidare. Vil du ta ein rundtur, kan du gå vidare opp til bilvegen og returnere via Utsikten og Fjellbygda.

 

Vis meir
Build: 01.01.2000 00:00:00, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails