Address: 6821 Sandane
Ved Holvikfossen (370 m.o.h.) på Sandane, eit stykke bortanfor Utsikten, kan du sitje på ein stein i vassføringa rett over stupet av fossen og nyte synet av fjord og fjell. 45-55 min. å gå frå Sandane sentrum til toppen av fossen, bratt mot slutten. Gå opp vegen bak Firda vidaregåande skule, over gangbrua og garden Holvik. Så kryssar du E-39, passerer parkeringsplassen og fylgjer den merka stien vidare. Vil du ta ein rundtur, kan du gå vidare opp til bilvegen og returnere via Utsikten og Fjellbygda.
Vis meir
I nærområdet
-
Fjordblikk HytterHytter, Overnatting, Hytter og Leilegheiter, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Cottages & Holiday Houses30,2 kmVelkommen til Fjordblikk Hytter. Vi har fire hytter til utleige i rolige omg...
-
Sande CampingFeriehus & Leilegheiter34,4 kmSande Camping i Loen byr på overnatting i gode hytter og apartments, frå den ...
-
Sande CampingHytter35,8 kmPlusCamp Sande Camping byr på overnatting i hytter og apartments,både enkle s...