Address: 6789 Loen
Tur til Bødalsbreen, ein brearm frå Jostedalsbreen
Ved enden av Lovatnet finn ein Bødalen, her i frå går det ein bomveg opp til Bødalseter. Vegen til Bødalseter er ca 5 km lang, delvis asfaltert og nokre stadar med grus. Vegen egnar seg for personbilar då den er smal og kronglete på enkelte plassar. Ved vegs ende kjem ein til ein parkeringsplass, her i frå går det ein grusveg inn til Bødalsseter, denne korte gåturen tar omlag ti minutt å gå.
Bødalseter ligg på 585moh i Jostedalsbreen nasjonalpark.Setra som står der i dag er oppattbygd etter ei rasulukke i 1893. Setra er eit perfekt utgangspunkt for fleire turar, og ein av dei mest populære er til Bødalsbreen, som tar ca 50 minutt gange frå setra. Frå Bødalseter går ei godt merka rås innover dalen, samt skilt som viser veg. Etter ei stund delar stien seg og der står ny skilting. Til venstre mot Lodalskåpa og til Høgre mot Bødalsbreen. På veg til breen har ein god utsikt over Sætrevatnet som er eit breevatn.
Når ein er i nærleiken av bre må ein vise aktsomhet. Langs brefrontane er det vaneleg at det går ras, derfor bør ein halde seg på avstand og ikkje gå for nær. Ønsker ein turar på bre finn ein meir informasjon under brevandring.
Om denne aktiviteten
I nærområdet
-
Sande CampingHytter10,1 kmPlusCamp Sande Camping byr på overnatting i hytter og apartments,både enkle s...
-
Sande CampingFeriehus & Leilegheiter12,7 kmSande Camping i Loen byr på overnatting i gode hytter og apartments, frå den ...
-
Fjordblikk HytterHytter, Overnatting, Hytter og Leilegheiter, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Cottages & Holiday Houses13 kmVelkommen til Fjordblikk Hytter. Vi har fire hytter til utleige i rolige omg...
-
Hjelledalen HyttesenterHytter, Cottages & Holiday Houses, Listings, Hotels & More, Overnatting, Hytter og Leilegheiter, Visit Norway16,5 kmVelkomne til Hjelledalen Hyttesenter.