Address: 6792 Briksdalsbre
For meir enn 6000 år sidan gjekk eit stort steinras i dalsida frå Blåfjellet inst i Oldedalen. Store steinar vart liggande att i fjellsida og utgjer i dag ei steinur. Denne steinura rammer inn Melkevoll Bretun der vi har hytter og camping kvar sommarsesong. På eit av utsiktspunkta, inntil ein av dei største steinane i ura, har Inge Melkevoll skapt denne spesielle bygningen “Blåfjellshallen” laga av stein, tre og glas. Her er utsikt til isbrear, fjell og det store fossefallet Vollfossen. Blåfjellshallen - Blue Mountain Hall på engelsk, er bygd i pakt med naturen og områda omkring.
KURS OG UTLEIGE
Blåfjellshallen er bygd rundt ein stor stein som utgjer den eine veggen. Ideen var å skape ein samlingsplass i pakt med naturen, der ein kan arrangere kurs, konsertar og nokre typar samlingar. Hallen stod ferdig sommaren 2018, og har sidan då vert brukt til konsertar, kurs, namndag, yogakurs og samlingar blant anna.
Det er mogeleg å leige hallen til nokre typer samlinger og spesielt kulturarrangement.
Det er sitjeplass og stolar til omkring 100 personar.
Vi har bord og stoler for å dekke til 60 personar.
Her er musikkanlegg og mikrofon.
Toalett, vatn og anna er å finne i resepsjonsbygget på Melkevoll Bretun, 1 minutt å gå frå Blåfjellshallen.
Vi leiger kun ut til alkoholfri arrangement og samlingar.
Om denne aktiviteten
I nærområdet
-
Fjordblikk HytterHytter, Overnatting, Hytter og Leilegheiter, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Cottages & Holiday Houses19,2 kmVelkommen til Fjordblikk Hytter. Vi har fire hytter til utleige i rolige omg...
-
Sande CampingHytter20,6 kmPlusCamp Sande Camping byr på overnatting i hytter og apartments,både enkle s...
-
Sande CampingFeriehus & Leilegheiter22,5 kmSande Camping i Loen byr på overnatting i gode hytter og apartments, frå den ...
-
Hjelledalen HyttesenterHytter, Cottages & Holiday Houses, Listings, Hotels & More, Overnatting, Hytter og Leilegheiter, Visit Norway31,2 kmVelkomne til Hjelledalen Hyttesenter.