Vågsberget

Address: Vågsvåg, 6700 Måløy Vis kart

Address: Vågsvåg, 6700 Måløy

Vågsberget ligg vakkert til mot sjøen ein kort køyretur frå Måløy, på vegen mot Vågsvåg og Kannesteinen.

 

Det var eit av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten vår, og er idag eit av dei mest komplette og ivaretekne vi har att i Noreg. Vågsberget i Vågsøy kommune er ein av mange handels- og gjestegjevarstadar langs kysten. I dag er Vågsberget freda som ein av dei best bevarte handelsstadane i Noreg.

Bygningane på staden er frå omkring 1800, men handelstaden har røter tilbake til 1600 talet. Kystmuseet held ope her i sommarsesongen, med guida omvising i dei historiske husa, og utstilling og kafé i driftsbygningen.

Eigaren på Vågsberget hadde handelsprivilegium frå kongen med einerett til handel med ei rekkje varer. Folk i nærområdet kom lett i gjeld til handelsmannen. Privilegiet fall bort etter 1814.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har ansvar for drifta av Vågsberget.

Opningstider 2020:

22. juni til 23. august
Torsdag – Søndag 1200 – 1700

Vis meir

Om denne aktiviteten

Telefonnummer
+47 982 69 854
Build: 21.10.2020 12:39:14, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails