Loen Skylift

Address: 6799 Loen Vis kart

Address: 6799 Loen

Loen Skylift - Frå fjord til fjell på 5 minutt. Det er ein spektakulær ny attraksjon og opplevingsarena, i Stryn, inst i Nordfjord.

 

Pendelbana Loen Skylift er ei av dei brattaste i verda, og løftar folk frå fjorden i Loen til fjellet Hoven (1011 moh) på fem minutt. På toppen ligg Hoven Restaurant med 350 sitjeplassar. Anlegget inngår i ein heilårs naturbasert opplevingsarena tilrettelagt for aktive utforskarar så vel som barnefamiliar. Loen Skylift og Hoven Restaurant vart opna av Dronning Sonja 20. mai 2017.

Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem ein til Hoven Restaurant der ein får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen Nasjonalpark og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Frå Hoven kan ein oppleve høgfjellet på eiga hand i eit omfattande stinett, eller med guide. Til fots eller på ski. Mogleheitene er mange.

Til Hoven kjem ein seg heile året, og på vinterstid kan ein boltre deg på ski, truger eller på kjelke i dei preparerte akebakkane. Toppturentusiastane sparar 1000 høgdemeter og kan starte på høgfjellet med friske bein. Gå på tur i preparerte vandreløyper, og utpå vinteren lagast det til langrennspor om forholda ligg til rette. Etter turen fristar spektakulære Hoven Restaurant med høgfjellsmat og drikke.
Ta Loen Skylift til topps på Hoven, og legg ut på tur innover fjellet. Gode stiar som er skilta og merka gjev tryggleik og energi til å oppleve høgfjellet. Eller kanskje er ein klatretur for eiga maskin i Via Ferrata Loen noko for deg?
Ei gamal segn seier at Hoven har namnet sitt etter Odin sin hest Sleipner, som på tur over fjellet slo hoven sin borti og etterlet seg det kraftige avtrykket i fjellsida som er så tydeleg å sjå i dag. Ingen veit om det er heilt sant, men det som er heilt sikkert, er at utsikta her oppe er like mektig og magisk no som før. Forskjellen er at no er ho tilgjengeleg for absolutt alle - ikkje berre gamle gudar og spreke fjellfolk.

Bestill no

Vis meir

Om denne aktiviteten

Telefon booking
+47 909 99 992
Telefonnummer
+47 57875900
Kontakt e-post
Opningstider
Sjå Loen skylift sine eigne sider.
Aldersgrense (år)
0
Build: 23.10.2020 15:51:24, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails