Stryn Sommerski

Dato: Tysdag 28 jul 2020 - onsdag 1 jan 2025 Vis kart

Stryn Sommerski gjev deg ei anleis sommaroppleving i imponerande Vestlandsnatur. Stryn Sommerski passar for alle som ynskjer ei skioppleving om sommaren enten du er ein barnefamilie, ynskjer å køyre terrengpark eller frikøyring. Strynefjellet er staden for off piste, og kan by på mange gode toppturmoglegheiter.

 

Stryn Sommerski finn du på Strynefjellet, 45 km aust for Stryn sentrum. Skisenteret ligg langs fylkesveg 258 - kjent som Gamle Strynefjellsveg og er nasjonal turistveg. Vegen er vanlegvis vinterstengt frå medio oktober til slutten av mai. Stryn Sommarski opnar så snart vegen er rydda for snø, og har ope så lenge snøen ligg i anlegget.

Frå basen på 1080 moh tek ein stolheis deg opp til 1300 moh. Derifrå er det ein T-heis som bringer deg opp til toppen på fantastiske 1600 meter over havet, der ein får følelsen av å vere på Norges tak med utsikt over bre, høge fjell og djupe fjordar. Her er det berre å nyte mjuke svingar i preparerte bakkar, tørr pudder eller slush-aktig sommarsnø.

Antal heisar: 1 stolheis og 1 t-krokheis
Gode parkeringsmuligheter
Kafeteria med godt utval av kalde og varme rettar, øl og vin
Skishop med skiutleige og skiservice

Vis meir

Anledning

Dato    
30 Okt
Fredag 30 okt 2020
31 Okt
Laurdag 31 okt 2020
1 Nov
Søndag 1 nov 2020
2 Nov
Måndag 2 nov 2020

Om denne aktiviteten

Telefonnummer
+47 45 83 70 77
Kontaktperson
Idar Aaboen
Kontakt e-post
Opningstider
The skicenter is open from 12th of June
Build: 23.10.2020 15:51:24, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails