Briksdalsbreen

Address: Oldedalen, 6781 Olden Dato: Torsdag 10 jun 2021 - onsdag 10 jun 2026 Vis kart

Address: Oldedalen, 6781 Olden

Område: Oldedalen
Type: Fottur
Gradering: Lett
Lengde: 2,5 km, 40 - 60 min
Sesong: Heile året

 

Informasjon:

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg gjestar frå heile verda. God mat og drikke, overnatting i fjellstove, leiligheit eller hytte, fjellturar og eit innhaldsrikt suvenirhus gir deg gode minner frå Briksdalen.

Frå fjellstova er det ein om lag 3 km lang grusveg opp til breen. Du kan gå eller bli køyrd i open bil. "Trollbilane" køyrer 2,5 km og dei siste 500 meterane må ein gå. Stien er tilrettelagt for rullestol og barnevogn. Briksdalsbre Fjellstove er open frå mai til september.

I tunet ved fjellstova kan du stige på for Trollbilsafari til breen.
Fjellstova er også eit fint utgangspunkt for fjellturar til Oldeskaret og Kattanakken. Langs naturstien kan du oppleve korleis den vidgjetne Briksdalsbreen har forma det frodige dalføret gjennom fleire tusen år.

Historie:

Midt på 1800-talet dukka dei første turistane opp i Briksdalen. Det var helst engelske rikfolk som kom på denne tida. Men då vegen Rustøen - Briksdal kom rundt 1890 vart det meir fart i turismen. Mange av turistane vart køyrt opp til breen i høyvogn, som seinare vart utskifta med stolkjerrer. Etter 1. verdskrig eksploderte turiststraumen. Eitt til to tusen turistar kunne besøke Briksdal på ein dag. Ein tur - returbillet på Oldevatnet med ”Briksdal” kosta 30 øre. Oldedalen var utan vegsamband fram til 1955, difor var folket avhengig av vatna som ferdselsåre. Den første motorbåten vart sett i drift i 1915 og den hadde rutedag kvar dag gjennom heile året. I 1891-92 bygde Anders Briksdal ei turisthytte og hadde utsal av mellom anna øl, brus, mjølk, brød og rømmekolle. Det var også høve til å overnatte for folk som skulle gå over breen til Jostedalen eller til Jølster gjennom Oldeskaret. Under krigen vart det ikkje drive turistdrift. Etter krigen dreiv dei både turisme og gardsdrift, men turismen tok meir og meir over, og i 1966 vart geitene selde. Fjøset vart ombygd til souvenirbutikk og overnattingshus for turistane. I 2005 vart hesteskyssen erstatta av “Trollbilar” med betre kapasitet.

Vegbeskrivelse:

Briksdalsbreen ligg i enden av Oldedalen, rundt 20 km frå Olden. Det går brebuss frå Stryn kvar dag frå 1. juni til 31. august.

Vis meir

Anledning

Dato    
14 Jun
Måndag 14 jun 2021
15 Jun
Tysdag 15 jun 2021
16 Jun
Onsdag 16 jun 2021
17 Jun
Torsdag 17 jun 2021

Om denne aktiviteten

Telefon booking
+47 57876800
Telefonnummer
+47 57876800
Kontakt e-post
Opningstider
May to October
Aldersgrense (år)
0
Build: 10.06.2021 18:22:20, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails