Ulvesund Fyr
Alternativ overnatting | Ulvesund Fyr ligg på Hjertenes nær Måløy, i Vågsøy kommune i ytre Nordfjord.
Ulvesund Fyr har vore eit lyspunkt for dei sjøfarande sidan 1870. Vi ønsker at det skal vere eit lyspunkt i kvardagen for våre gjester.
Fyret er eitt av fire fyr som viser båtane trygt rundt Stadt, som er eitt av dei verste havstykka i Norge.Ulvesund Fyr ligg lunt og stille til inne i Ulvesundet, omgitt av ein solrik hage som bugnar av blomar og bær. Her har ein full oversikt over båttrafikken og det skiftande lyset i Sildagapet, og kan nyte fargerike og fredfulle solnedgangar. Dei to fyrgeitene i hagen set pris på klapp og kos. I den sjarmerande vesle fyrbutikken kan våre gjester kjøpe heimelage saft, gelé, handarbeid, musikk, bøker, glaskunst, kaffe, te, sjokolade og gamaldagse drops i lausvekt. Her kan det også bestillast heimelaga mat og nykverna kaffe som blir servert i vår fyrkafé, eller ute i fyrhagen.
Fasilitetar og tenester
Kontaktinformasjon
I nærområdet
-
Havlys Bed and BreakfastOvernatting, Pensjonat og B&B20,1 kmVi er ein liten og sjarmerande B&B på Iglandsvika i Bremanger. Du finn os...
-
KnutholmenOvernatting, Hotell og camping, Hotell, Hotels28,8 kmKalvåg er eit stort levande hotell. I gangavstand rundt den vesle vågen finn ...