Tjugen Camping, Loen

Address: Lodalsvegen 198, 6789 Loen
Beliggenhet: Loen (Fjellområde, Skogsområde, Nærme elv)
vis kart

Camping | Tjugen camping er ein koseleg campingplass i Loen. Plassen er familiedriven og ligg ved vakre Loelva, 2 km frå Loen sentrum.

På Tjugen bor du midt i naturen med panoramautsikt til bre og fjell. Campingplassen ligg ved startpunktet for turen til Skåla (1848 m.o.h.) og er også eit godt utgangspunkt om du skal gå Via Ferrata, klatre på Beachen, besøke Lodalen, Rakssetra eller Loen Skylift.

Vertskapet består av tre generasjonar Tjugen som alltid er klar til å ta imot deg og hjelpe deg med tips til fjellturar, aktivitetar og utflukter.

Campingplassen har ei avslappande og venleg atmosfære og er bygd opp med terrassar. Fine plassar for bobil, campingvogner og telt. Sanitæranlegga er velholdte og reine. Campingplassen har familierom, to gjestekjøkken, opphaldsrom, vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, leikeplass og resepsjon med kiosk. Utleige av el-syklar.

Campingplassen har seks hytter:
- To velutstyrte store feriehytter med stove, kjøkken, dusj, toalett, to soverom (2 + 4 senger) og eigen uteplass. Sengetøy, handkle og utvask er inkludert i leiga.
- Fire enkle og populære campinghytter. Hyttene har fire senger, minikjøkken, dekketøy og innlagt kaldt vatn. Egen terrasse. Utvask er inkludert og sengetøy og handkle kan leigast.

Online booking via tjugen.no, men også drop in.

Velkomen til å utforske vakre Loen og Tjugen camping!

Fasilitetar og tenester

Beliggenhet
Fjellområde Nærme fjellområde Nærme naturen Landleg Skogsområde Fjellutsikt Nærme elv
Generell informasjon
Antal rom 6 Innsjekk 15:00 Utsjekk 12:00
Generelle fasilitetar
Vannkoker/Kaffimaskin Gratis Wi-Fi Enkeltseng TV Dobbeltseng
Fritidsfasilitetar på området
Fotturar
Spesielle krav
Barnevenleg Hund Kjæledyr tillatt Røykfritt
Parkering
Utandørs parkering - Gratis

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 905 22 714
Kontakt e-post

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 21.05.2024 16:36:57, Host: CBONLINEBOTS01, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails