Hjelle Hotel

Address: Hjelle Hotel Hjellevegen 240, 6798 Hjelledalen
Beliggenhet: Stryn (Innsjøområde, Nærme elv)
vis kart

Hotell | Hjelle Hotel er eit koselig familiehotell, som er drive av samme familie sidan 1896.

Hjelle ligg ved austenden av oppstrynsvatnet i Stryn Kommune, på ein roleg stad med storslagen natur, med ei atmosfære av gammal bygdekultur- midt mellom kommunesenteret Stryn og Stryn Sommerskisenter.

Hotellet har enkel standard, med 16 rom i hovdudelen og 12 rom i motellet. Hotellet kombinerer moderne komfort med gammal norsk kulturtradisjon. Hotellet har mange salongar, ein i gammal stil, peisestove, møterom og ein stor spisesal med plass til 100 gjester.

Hotellet har fire romkategoriar: Romantikkrom med balkong, mini-balkong eller suite, romantikkrom med dusj og WC, twin rom med dusj og WC, økonomi - Motellrom/Anneks - dobbeltrom med dusj og WC.

Den eldste delen av Hjelle Hotel er bygd i Sveitserstil, slik som mange andre trehotell på Vestlandet frå same tidsrom. Dei første turistane kom til Hjelle med dampbåten "Fridtjov Nansen", tidleg i 1890-åra. Den gongen var det ikkje anna enn enkle stovehus og løer der ved nordenden av Strynsvatnet. Frå strandkanten kunne turistane sjå mot Tindefjella i sør, ei rad med nunatakker omkransa av snø og is.

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter ligg kun fem kilometer frå hotellet. Rett ved hotellet ligg «gamlebutikken på Helle» som var bygd i 1882 og har vert driven av same familien som Hjelle hotell. I dag fungerar den som butikk for lokal bruktskunst og engelsk porselen, samt kafé med enkel kaffemat (smørbrød, suppe og kake).

Middag på Hjelle Hotel:
Hotellet serverer ein 3-retters middag som startar mellom kl. 19:00 og kl. 20:00 kvar kveld i sesong. Som hovudrett kan ein velge mellom ein kjøtt- eller fiskerett. Det oppmodast til å bestille bord før kl. 16:00 på ankomstdagen.

Fasilitetar og tenester

Beliggenhet
Nærme fjellområde Nærme naturen Innsjøområde Fjellutsikt Nærme elv
Generell informasjon
Antal rom 28 Bygd år 1896
Parkering
Innandørs parkering - Gratis Utandørs parkering - Gratis

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 57872750
Kontakt e-post

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 11.04.2024 10:22:46, Host: CBONLINEBOTS01, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails