Overnatting |
Tenk deg at du bur rett på sjøen, med elementa tett på og panoramautsikt over fjord og majestetiske fjell. I det romantiske Sjøhuset ved Hornelen skapast magi.
Heilt for seg sjølv i eit tradisjonsrikt kystmiljø på garden Lofnes ligg Sjøhuset. Den minste av to gamle sjøhus tidlegare generasjonar brukte i fiskeria, er no ein eksklusiv og komfortabel overnattingsstad for opptil fire personar. Sist ombygd i 2025 har rorbua unike kvalitetar som skapt for ro, naturoppleving og romantikk. Frå saunaen med...
Heilt for seg sjølv i eit tradisjonsrikt kystmiljø på garden Lofnes ligg Sjøhuset. Den minste av to gamle sjøhus tidlegare generasjonar brukte i fiskeria, er no ein eksklusiv og komfortabel overnattingsstad for opptil fire personar. Sist ombygd i 2025 har rorbua unike kvalitetar som skapt for ro, naturoppleving og romantikk. Frå saunaen med fjordutsikt stig ein rett ut i den klåre sjøen, og i badekaret finn ein roa til lyden av havet og ei utsikt det er få forunnt å oppleve.
I andre etasje har Sjøhuset stove med vindauge frå golv til tak, eit velutstyrt kjøken, spiseplass med utsikt og to gode soverom. Alt med lekre detaljar og lyse fargar som både skapar vakker sommarstemning og koselege vinterkveldar. I første etasje ligg eit lekkert bad og spa med både sauna og badekar. Store dørar opnast mot den gamle båtstøa og i gode stolar nyt ein solnedgangen over Hornelen.
Her bur ein i naturen og elementa. Dette gjer Sjøhuset til ein perfekt stad å oppleve både varme sommardagar og den magiske vinteren som byr på både stormwatching og klår stjernehimmel rundt bålet. Bølgjene slår mot muren, havørna seglar over himmelen og utanfor dei store vindauga leikar oteren. På fjorden boltrar kvalen seg, og med fiskestong dreg ein middagen rett opp frå havet. Hornelen reiser seg på andre sida av fjorden, og er synleg nesten uansett kvar ein går. Turstiar startar like ved, og Hornelen sitt startpunkt ligg berre nokre minutt unna med bil. Det er også kort veg til stadar som Grotlesanden, Vetvika, Ålfotbreen landskapsvernområde og Kalvåg. Området har mykje kulturhistorie, blant anna helleristningfeltet Vingen, der guida turar tek ein tilbake i tid.
Det er enkelt å kome til Lofnes. Hurtigbåt frå Bergen stoppar i bygda, og vi kan køyre deg vidare frå kaien. For dei som kjem med bil er det gratis parkering og tilgang til elbilladar.
Velkomen til Sjøhuset. Følg oss gjerne på Instagram @hornelenpanorama.
Vis meir
Hide
TV