Overnatting | Tenk å ligge svevande over bakken på ei seng av brusande vatn med stjerner i augo! Det er akkurat det du kan oppleve i Jølet, hytta som er spesialdesigna for å gje ein optimal følelse av nærleik til naturen. På kanten av eit jøl, skapt av elva sitt tusenårige strev for å nå fjorden, svevar hytta delvis i terrenget. Liggande heilt for seg sjølv utan nære naboar, men med utsikt over kulturlandskap og bygdelag, er dette ein perfekt stad både for avslapping og aktivitet.
Gjennom store vindauge slepp naturen inn i Jølet som i ein kinosal der ein vill og majestetisk vestlandsnatur er lerret. Med sine 44 kvm. lever ein tett på naturen i beste "nature compact living" stil der målet er å leve minimalistisk, men likevel komfortabelt. Dette er ei " hotellsuite" i naturen!
Hytta som er høveleg for to personar består av ...