Smørhamn Handelsstad

Område: Bremanger

Overnatting | Historie gjennom 400 år. Ferie i unikt miljø. Det osar av historie i Smørhamn. Kong Christian V var her i 1685. Kong Fredrik IV overnatta med sitt følgje i 1704. Kong Christian VI var her i 1733, saman med dronning Sophia Magdalena. Dagens kongeskip har ankra opp rett ved oss fleire år på rad – så vi venter berre på at dei kongelege skal kome innom på besøk? Fiskeri, jektefart, brennevinshandel og tingmøter er berre noko av historia opp gjennom tidene. Då som no var det gjestgjevarar i Smørhamn. Her var det plass til alle – både kongar og lekmenn. Du er såleis i godt selskap når du gjester Smørhamn! Du er tett på naturen i Smørhamn. Kong Fredrik IV skreiv i dagboka si at «lam beita på taket». I dag finn du sauer og lam på beitet like ved!

Javisst er det godt å vere i Smørhamn

Ta med heile familien, vener eller kollegaer.

Vi har plass til frå 16 – 25 pers. fordelt i 5 leilegheiter. Her har de tid og mulegheit for å ta del i dei gode opplevingane.

Du kan hente fersk fisk, rett i gryta, frå båt eller brygge, eller vere med å fiske krabbe til festmåltidet.

Ta turen på fjellet...

Vis meir

Hide

Om denne overnatting

Kapasitet
Antal rom: 5
Generell informasjon
Bygd år: 1800 Sist renovert: 2005
Beliggenhet
Nærme fjellområde Nærme naturen Landleg Ved fjorden Havutsikt
Fasilitetar
Sovesofa Vannkoker/Kaffimaskin Gratis Wi-Fi Balkong/terasse
Fritidsfasilitetar på området
Fotturar
Spesielle krav
Sprinkelseng tilgjengeleg Barnevenleg Hund Kjæledyr tillatt
Parkering
Utandørs parkering - Gratis
Build: 25.11.2022 18:25:27, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Cabin, Action: showdetails