Smørhamn Handelsstad

Område: Bremanger

Overnatting | Ta med heile familien, vener eller kollegaer. Vi har plass til frå 16 – 25 pers. fordelt i 5 leilegheiter. Her har de tid og mulegheit for å ta del i dei gode opplevingane. Du kan hente blodfersk fisk, rett i gryta, frå båt eller brygge, eller vere med å fiske krabbe til festmåltidet. Ta turen på fjellet like i nærleiken, eller besøke sauer i skjergarden. Kan du dykke er det fine forhold til det. Båtar med påhengs(15 fot m/9,9 hk – 15 hk) kan leigast. Robåt er og muleg å prøve. Skal du feire noko, har vi og lokaler til små og store grupper (20 – 80 pers.) Du kan ta med festmat sjølv, eller bestille utanfrå. Smørhamn ligg 5 min. i bil frå Kalvåg, med butikk, restaurant og mange andre gode tilbod.

Godt merka turløyper i nærområdet, du vel den utfordringa som passar deg: Dåsabu, Veten, Smalerabben, Hornelen, Vetvika og mange andre merka turar. Ein fin sommardag vil vi anbefale deg å ta ein tur på Grotlesanden. Er veret mindre innbydande kan Kalvåg by på Carolas buaspa – med innandørs sandstrand. Eller du kan ta ein tur til Hjortegarden i...

Vis meir

Hide

Build: 14.10.2021 09:12:32, Host: ONLINE3CORE20, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Cabin, Action: showdetails