Hytter | Loenvatn Feriesenter ligg fint til ved Lovatnet i Lodalen, om lag 5 kilometer frå Loen i Stryn kommune.
Feriesenteret tilbyr hytteutleige, kafé og kiosk, i tillegg til eit breitt utval av aktivitetar. På Lovatnet kan ein leige robåt, kajakk, kano, SUP og trøbåt. For dei som ønskjer å utforske Lodalen, er det også mogleg å leige el-sykkel, tosetars elbil eller UTV med seks sitjeplassar.
Alle hyttene på Loenvatn Feriesenter er utstyrt med dusj og WC, kjøkkenutstyr, dyner og puter.
I kaféen finn ein mellom anna enkle smørbrød og vaflar, tradisjonell husmannskost, kaker og is.
Loenvatn Feriesenter har ikkje tilgjengelege plassar for telt, bubilar eller campingvogner.