Flygelkonsert med Kjetil Mulelid
Bli med på operascena og opplev vakker eigenkomponert musikk frå den unge jazzpianisten.
Pianist og komponist Kjetil Mulelid frå Hurdal har etablert seg som ein ung innovativ artist ved å blande sjangrar som jazz, salmar og fri improvisasjon.
Vi hadde gleda av å oppleve han i Siril Malmedal Hauge band, på Gymmen-konserten i mars. Mulelid fekk då prøve Fazioli-flygelet i operasalen og vart svært begeistra for det unike instrumentet. Vegen var kort til å avtale solokonsert, der publikum får sitje på scena saman med musikaren.
Musikken vi får høyre på konserten er vakre og harmoniske komposisjonar som pianisten sjølv har skrive, som blir forma intuitivt med omhug, gjennom hans improviserande og spontane spelemåte. Med eit ønske om å fortelje ei historie i kvar musikalske strofe, behandlar Mulelid kvar låt som eit tomt lerret, og målar med sine melodiar og ein naturleg rytmisk flyt i det leikande spelet.
Etter å ha turnert store deler av verda og gitt ut fleire kritikarroste album med sin eigen pianotrio og kvartetten Wako, har no ein av Norges nye store jazzpianistar markert seg også som solopianist. Kritikarane er svært begeistrea for solodebutalbumet, utgitt på det prestisjetunge plateselskapet Rune Grammofon, med sitt rykte for å handplukke noko av det mest interessante innan skandinavisk musikk.
Mulelid sin trio har blitt svært positivt omtala i magasin som «The Wire» og «The NYC Jazz Record», og blei av Jez Nelson kåra til «Best of the year" i den britiske radioen Jazz FM. Pianisten har også lansert ei rekkje godt mottekne album med prosjekta sine Wako og Kjemilie, og har spelt og arbeidd med mange etablerte musikarar som Arve Henriksen, Jason Moran (US), Barry Guy (UK), Siril Malmedal Hauge og Bjørn Marius Hegge.
Sagt om Kjetil Mulelid:
"Balansekunst. Musikken hans tør å være romantisk i den ekspressive betydningen av ordet, uten at det grenser mot popballader" - Morgenbladet
"I disse korona-tider hender det at jeg plukker fram Keith Jarretts «Köln Concert» når livet føles for «trasig» og ensomt. Men nå får den godeste Jarrett sterk konkurranse fra Kjetil Mulelid, for det han serverer på «piano», er usigelig vakkert og optimistisk, og musikk som går rett i hjerte og sjel i disse dager.” - Jan Granlie, Salt Peanuts
"I møte med Kjetil Mulelid er romantikken sjelden langt unna. Han har utpreget sans for god melodi, men er hakket mer wergelandsk enn welhavensk i formen. Det gjør musikken hans god å lytte til. De improvisatoriske avstikkerne hans setter nerve i de kompositoriske linjene. Den uanstrengte flyten i spillet gjør musikken hel." - Arild R Andersen, Jazz i Norge
"Flygelets hemmelige verden” - Audun Vinger, Dagens Næringsliv
"Særdeles klangfullt og vakkert” - Jazznytt
"Hinsides vakkert" - Deichmanske musikkblogg
Publikum sit på scena under konserten. Billettane er unummererte.
Dato/Tid
Dato | Tidspunkt | Arrangementsstad | |
---|---|---|---|
1
Sep
|
Torsdag 1 sep 2022 | 20:00 - 21:00 | Operahuset Nordfjord |
Kontaktinformasjon
Linker
I nærområdet
-
Nordfjord Hotell BryggenHotell1 kmNordfjord Hotell - Bryggen er ei underavdeling av Nordfjord Hotell og ligg ve...
-
Nordfjord HotellHotell, Hotels, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Overnatting, Hotell og camping1,2 kmFrom 990 NOKNordfjord Hotell har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har re...
-
Gloppen Hotell - By Classic Norway HotelsHotell, Mat og Drikke, Lokalmat19,7 kmOvernatt i historiske omgjevnader i hjartet av Fjord Norge. Gloppen hotell er...