Ingebjørg Bratland

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement
Dato: Onsdag 2 nov 2022

Nordfjordeid er einaste stoppestad på Vestlandet nord for Haugesund når Ingebjørg Bratland tar med seg si første og svært suksessfulle konsertframsynig på turné!



«Ei ganske sann historie» er ei konsertframsyning som tar for seg Ingebjørg Bratland si reise frå då til no. Ho tar eit oppgjer med imaget sitt og oppfatninger frå folk og fe i ei musikalsk og underholdande innpakning.



- Framsyninga skildrar tankar og erfaringar eg har hatt så langt i karrieren og livet mitt. Om konge og fedreland, kappleik og naboland. Alle desse ganske sanne historiene bind eg saman med songar eg har hatt med meg til no. Både eigne og andre sine låtar, seier hovudpersonen sjølv.



Ingebjørg Bratland er kjent i både nord og sør i vårt langstrakte land for si vakre songstemme og eineståande formidlingsevne. Hennar karriere byrja i ung alder i folkemusikkmiljøet, men med tida har hun bevega seg ut av dette og mot popverda, sjølv om låtane har eit umiskjenneleg Bratlandsk særpreg. Med eit stort antal låtar som «Jul i Svingen», «Fordi eg elskar deg» og «Di Ingebjørg», og ein solid bukett duettpartnarar som Espen Lind, Odd Nordstoga og nyleg OnklP, har ho nærare 100 millionar strøymingar på digitale plattformer. I tillegg har ho selt til gull- og platinatrofé for dei fysiske utgjevingane sine, og har med dette verkeleg bora seg inn i den norske folkesjela.



No gler ho seg til å ta med Chat Noir- suksessen ut på vegen:

- Noko av det artigaste eg har gjort var å spele «Ei ganske sann historie» på Chat Noir. Synge dei songane eg har syngi så mange gonger før, men i ein ny kontekst. Ispedd ganske sanne historiar og med eit heilt fantastisk band! Me hadde det altså SÅ moro på scenen. Derfor er det med sommarfuglar i magen og eit hoppande hjarta at eg kan annonsere at me skal ta med forestillinga og reise på TURNÈ! Eg håpar du vil koma og sjå oss, seier Ingebjørg Bratland.



Pressa skriv mellom anna:

«Et utsøkt musikalsk nivå» - Dagsavisen (terningkast 5)
«En opplevelse av de sjeldne» - TA (terningskast 5)



Velkomen til ei konsertframsyning med ei intens blanding av musikk, (ganske) personlege og (ganske) humoristiske fortelljngar!

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
2 Nov
Onsdag 2 nov 2022 09:00 - 10:15 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 27.06.2022 13:24:33, Host: online3core20, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails