Ragnhild Hemsing

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement
Dato: Onsdag 20 okt 2021

Opplev musikk av Edvard Grieg, Ole Bull, Johan Halvorsen og folkemusikk framført av fabelaktige Ragnhild Hemsing på fiolin og hardingfele, akkompagnert av Tor Espen Aspaas.

Med fiolin og hardingfele presenterer Ragnhild Hemsing både likskapane og ulikskapane mellom norsk folkemusikk og klassisk musikk. På konserten «Røta» får du oppleve den fabelaktige fiolinisten framføre musikk av Edvard Grieg, Ole Bull, Johan Halvorsen - og sjølvsagt folkemusikk. Albumet kom ut i vår, og presenterer Hemsing sine røter i den norske folkemusikken.

Tor Espen Aspaas akkompagnerer på Fazioli-flygelet. 

Ragnhild Hemsing skil seg ut som ein uvanleg allsidig artist. Ho har djupe røter i den rike folkemusikktradisjonen i Norge, og det gjer henne til ein av dei første artistane som på ein vellukka måte smeltar saman typiske trekk ved norsk folkemusikk og klassisk musikk på ein ungdommeleg, frisk og fullt ut moderne måte.

Hemsing har eit stort repertoar med klassiske soloverk for fiolin, og supplerer det med meir uvanlege og kompliserte verk skrivne for hardingfele.

Fiolinisten vart fødd i Valdres i 1988, i hjartet av folkemusikk-Norge. Ho byrja å spela fiolin då ho var fem år, og studerte ved det prestisjetunge Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og deretter med professor Boris Kuschnir i Wien. Hemsing spelar på ein fiolin bygd av Francesco Ruggeri (Cremona, 1694) som er utlånt frå Dextra Musica.

Då ho var berre 14 år, debuterte Hemsing med Bergen Filharmoniske Orkester. Ho har sidan spelt med alle dei større norske orkestera, og ei lang rekkje utanlandske i mellom anna USA, Tyskland, Danmark, Sverige, Finland, Ukraina, Nederland, Estland, Sveits og Belgia. Hemsing har vore gjesteartist ved alle dei store festivalane og konserthusa i Norge og ei lang rekkje utanfor heimlandet. 

Ragnhild Hemsing har gjeve ut fleire eigne og medverka på andre sine album, motteke mange prisar i inn- og utland, er spelt mykje på radio og fjernsyn, og er saman med systera Eldbjørg kunstnarisk leiar for Hemsingfestivalen. 

Tor Espen Aspaas vart fødd på Røros i 1971, og er ein av dei mest profilerte pianistane og musikkformidlarane i sin generasjon av norske musikarar. Han er professor ved Norges musikkhøgskole. I 2016 vart Aspaas utnemnt til Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for sin innsats for musikk- og kulturformidling, og har motteke ei rekkje prisar og utmerkingar. Pianisten har vore solist med fleire norske og internasjonale symfoniorkester, blir engasjert på festivalar i inn- og utland, held konsertforedrag og har gjeve ut heile 14 album. 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på [email protected]

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
20 Okt
Onsdag 20 okt 2021 19:00 - 20:30 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 29.07.2021 16:40:24, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails