Danseframsyninga "JAKOB"

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement
Dato: Fredag 19 nov 2021

Opplev dansarane Tony Tran og Knut Vikstrøm Precht i ein leiken og fysisk koreografi som undersøker korleis ein relasjon kan vere avgrensande, frigjerande, støttande og destruktiv på same tid.

Jakob er ei danseframsyning med to mannlege utøvarar som utforskar eit avhengighetsforhold mellom to menneske, og den friksjonen og maktforskyvninga som oppstår då. Det er også ein studie av eit emosjonelt forhold mellom to menn. Den maskuline intimiteten som blir skildra her handlar ikkje nødvendigvis om det romantiske eller det seksuelle, men omfamnar alle typar relasjonar.

Tony Tran og Knut Vikstrøm Precht inviterer publikum inn i ein leiken og fysisk koreografi som undersøker korleis ein relasjon kan vere avgrensande, frigjerande, støttande og destruktiv på same tid. Publikum blir med på ei utforsking av både utøvarane sine og eigne grenser for intimitet, vennskap og kjærleik, og spenninga som ligg i overgangen mellom alle desse fasane og kjenslene. Samtidig bryt stykket med den tradisjonelle framstillinga av maskulinitet og dei konvensjonelle forventingane til kjønnsrollene. Forholdet som blir skildra i Jakob framstår som audmjukt og ekte, understøtta av eit utforskande og metaforisk kroppsspråk.

Verket er vidareføreinga av Tran sitt pågåande arbeid om makt og identitet i menneskelege relasjonar. Korleis påverkar relasjonar og dualitet, det at vi ikkje lenger er åleine, dei vala vi tar som enkeltindivid? Korleis formar dette oppførselen vår og dei individuelle handlingane våre? Og korleis møter vi den andre?

Koreografi: Tony TraN
Skaping og utøvarar: Tony Tran & Knut Vikstrøm Precht
Dramaturgi: Thomas Schaupp
Musikk-komposisjon: Magnus Bugge
Lysdesign: Tobias Leira
Foto: Jacob-Andreas Leonardsen

Støtta av Nordisk Kulturfond, SPENN, Kulturrådet, Kulturkontakt Nord, Oslo Kommune, Fond for utøvende kunstnere, i-Portunus

Framsyninga blir arrangert i regi av og samarbeid med Dansenett Norge

Billettsalet skjer utan automatisk "koronaavstand" og utan restriksjonar på antal publikummarar. Vi håpar at dette er realiteten når vi kjem til desember. Billettkjøparane blir kontakta om det blir restriksjonar som får konsekvensar for plassering i sal, antal osv.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
19 Nov
Fredag 19 nov 2021 19:00 - 19:45 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 29.07.2021 16:40:24, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails