Teaterkonsert Sundfør - Life does us

Område: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Kategori: Arrangement , Musikk
Dato: Onsdag 17 nov 2021

Opplev Susanne Sundfør sitt musikalske univers på teaterscena!

Nokre gongar veks det fram artistar som lagar så vakker musikk at han vert opplevd som intenst truverdig for menneske over heile verda. Susanne Sundfør er ein av desse artistane. Med spektakulære konsertar og musikk som fangar heile opplevinga av å vere menneske, har Susanne Sundfør vakse seg inn i den internasjonale stjernehimmelen og blitt ein av dei viktigaste artistane vi har. No vert songane hennar teaterkonsert med nokre av landets mest musikalske skodespelarar på scenen.

Du møter ikkje Sundfør sjølv på scena. Mimmi Tamba, Lars Henrik Aarnes, Ingrid Jørgensen Dragland, Fridtjof Stensæth Josefsen, Ida Göransson, Trond Peter Stamsø Munch og Elisabeth Mørland Nesset vil framføre nokre av dei beste songane frå album som Music for People in Trouble, Ten Love Songs og The Brothel i ei scenisk teaterforteljing tettpakka med musikk og magi, der vi tar i bruk alle verkemidla teatret har.

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Haugesund Teater. Urpremiere i Haugesund 6. oktober. Vert spelt i Haugesund før turné med Riksteatret.

Av Njål Helge Mjøs. Regissør Helena Wik. Musikalsk ansvarleg Simon Revholt. Musikalsk medskapar Sjur Miljeteig. Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington. Koreograf Stian Vikjord Danielsen. Lysdesignar Ingrid Skanke Høsøien. Lyddesignar Amund Ulvestad. Dramaturg Njål Helge Mjøs. Produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen.

På scena: Mimmi Tamba, Lars Henrik Aarnes, Ingrid Jørgensen Dragland, Fridtjof Stensæth Josefsen, Ida Göransson, Marius Trøan Hansen, Trond Peter Stamsø Munch, Elisabeth Mørland Nesset

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
17 Nov
Onsdag 17 nov 2021 19:00 - 21:00 Operahuset Nordfjord

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 958 89 159
Telefonnummer
+47 958 89 159
Kontakt e-post
[email protected]
Nettside
https://www.operahuset.no/operahuset/program/teaterkonsert-sundfor

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 07.05.2021 11:17:37, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails