Bernhoft

Område: Nordfjordeid
Arena/Place:
Kategori: Arrangement , Musikk
Dato: Onsdag 5 mai 2021

Malakoff og Operahuset Nordfjord har gått saman for å gje deg ei fantastisk konsertoppleving!

Malakoff og Operahuset Nordfjord har gått saman for å gje deg ei fantastisk konsertoppleving torsdag 5. mai.

"Jarle Bernhoft spelte på Malakoff 2014, og det er stor stas at vi ilag kan gje publikummet i Nordfjord denne konsertopplevinga", seier Malakoffsjef Arnt-Ivar Naustdal og operahusleiar Geir Holmen veldig nøgde.

Bernhoft. Jarle Bernhoft. Gudbenåda gitarist, låtskrivar, artist og usedvanlig likandes kar frå ein dal like nord for Oslo.
Ein stilig, nysgjerrig, smart og evig undrande kar med ein distinkt og tidlaus sound.
Kritikarrost prisvinnande publikumsfavoritt med ei samling krutsterke album og utselde turnear bak seg.

Våren 2021 legg han ut på soloturne i heile landet som strekker seg frå midten av februar og fram til påske. At han stoppar på Nordfjordeid for fyrste gong sidan han spelte på Malakoff 2014, er heilt nydeleg.

Det går rykte om at det er ny musikk på trappene, så det er berre å gle seg ekstra til at Bernhoft presenterer nye låtar og eldre godbitar for publikummet i Operahuset Nordfjord.

Korona-oppdatering 20. januar: Arrangement og kino kan gjennomførast med publikum frå Stad kommune og tilstøytande område med lite smitte. Operasalen og kinosalen har fastmonterte sete, dermed kan vi ta imot inntil 200 publikummarar. Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for arrangement eller kino, kontaktar vi billettkjøparane. Har du spørsmål? Kontakt oss på [email protected]

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
5 Mai
Onsdag 5 mai 2021 19:00 - 20:15  

Kontaktinformasjon

Linker


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 31.03.2021 12:23:34, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails