Høna, egget og reven
Riksteatret byr på en nyklekka, artig teaterframsyning for dei minste. Om vennskap, tilhøyre og motgang, og om barn som blir annleis enn foreldra hadde forventa. Ein hyllest til det uperfekte livet!
Det er ikkje så artig å vere Høna når Egget hennar plutseleg blir vekke. Særleg ikkje når ho finn ein rev i reiret der Egget låg.
Riksteatret byr på en nyklekka teaterframsyning for dei minste. Her møter du Høna, ei søt, sjølvopptatt og smånervøs eggemor. Og Reven, ein smart og sosial type. Saman legg dei av garde på jakt etter det bortkomne Egget. Det blir ei spennande og verdsomspennande reise. Undervegs møter dei mange forunderlege eggspertar: ei struttande og streng strutsemor, ein pertentleg og plettfri pingvinfar, ein hær hovudlause lus og ei kappande, kuttande krokodille-kokke. Høna prøveruger mange egg, men ingen av dei følest heilt riktig.
Høna, egget og reven er ei morosam framsyning om vennskap, tilhøyre og motgang, og om barn som blir annleis enn foreldra hadde forventa. Ein hyllest til det uperfekte livet!
For barn frå 4 år og alle vaksne.
På scena: Henrik Bjelland, Eirin Schou Fævelen, Ragnhild Gravem og Hans Norman Røine
Regissør Gunnar Eiriksson, kostymedesignar og scenograf Kathrine Tolo, scenograf og videodesignar Torbjørn Ljunggren, scenograf og lysdesignar Elisabeth Kjeldahl Nilsson, produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen og dramatikar Nelly Winterhalder.
Av Nelly Winterhalder. Produsert av Riksteatret.
Dato/Tid
Dato | Tidspunkt | Arrangementsstad | |
---|---|---|---|
12
Sep
|
Søndag 12 sep 2021 | 17:00 - 18:00 | Operahuset Nordfjord |
Kontaktinformasjon
Nettside | ||
http:// |
Linker
Linker | ||
http://www.operahuset.no/operahuset/program/hona-egget-og-reven | http://http://www.operahuset.no/operahuset/program/hona-egget-og-reven |
I nærområdet
-
Nordfjord Hotell BryggenHotell1 kmNordfjord Hotell - Bryggen er ei underavdeling av Nordfjord Hotell og ligg ve...
-
Nordfjord HotellHotell, Hotels, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Overnatting, Hotell og camping1,2 kmFrom 990 NOKNordfjord Hotell har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har re...
-
Gloppen Hotell - By Classic Norway HotelsHotell, Mat og Drikke, Lokalmat19,7 kmOvernatt i historiske omgjevnader i hjartet av Fjord Norge. Gloppen hotell er...