Knutholmen

1 June 2021 - 31 August 2021

From 2500 NOK

Pr person
Book now

 

Bremanger er eit av høgdepunkta i Nordfjord, og eit opphald på Knutholmen i Kalvåg vil gjere godt for kropp og sjel. Opplev alt havet har å by på frå ein båt, med heile familien eller vennegjengen.


 

Kalvåg er eit stort levande hotell. I gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, rom eller leilegheiter, restauranten, puben, dansegolvet og møteromma.

Når du kjem til Knutholmen har du teke steget inn i ei maritim verd. Familien Fosse som eig og driv staden har lagt vekt på at den gamle sjøbustilen vert teken vare på. Knutholmen Restaurant tilbyr mat rett frå havet. I restauranten finn du båten, skjeret, ausekjæret, tønna, taukveilen, snekka og fjæresteinane. Utanfor har du akvariet med fisk og skaldyr ifrå området. Sjå deg gjerne rundt i vakre Kalvåg og nærområde.

Bli med på båtsafari vest av Kalvåg. Safarien tar ca 2 timar, og på turen vil ein kunne oppleve havets dyreliv, og fantastisk natur. Kanskje ein får eit glimt av havørna?

MB Bella er for mindre grupper, maks 5 personar. På MB Runa er det plass til 8 personar.
Turen inkluderar all transport tur/r, flyteplagg, varmedress og guiding frå Knutholmen  


From 2500 NOK

Pr person
  • Overnatting på Knutholmen
  • Båtsafari

Search & book with instant confirmation

Choose number of travellers
Guests:
Guests:
Build: 6/14/2021 5:38:03 PM, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Package, Action: Index