Svanesjøen

Location: Nordfjordeid
Arena/Place: Operahuset Nordfjord
Category: Events
Date: Thursday 25 nov 2021

St. Petersburg Festival Ballet presenterer Svanesjøen, ein av dei aller mest populære ballettane i verda.

St. Petersburg Festival Ballet presenterer Svanesjøen, ein av dei aller mest populære ballettane i verda. Eit komplett kunstverk, med nydeleg musikk og djupt rørande historie.

Svanesjøen fortel historia om prinsesse Odette som gjennom ei ond forbanning er forvandla til ei kvit svane. På jakt oppdagar prins Siegfrid den fantastiske svana, og medan han siktar på ho, forvandlar svana seg til ei vakker kvinne. Odette fortel prinsen at ho er ei prinsesse underlagt ond trolldom. På dagtid må ho symje som svane i ein sjø full av tårer, om natta får ho lov til å vere menneske. Trolldomen kan berre brytast viss ein prins lovar evig truskap til svaneprinsessa. Viss prins Siegfrid sviktar Odette, må ho vere svane for alltid. Prinsen blir forelska i Odette, men ein ny ond trolldom fører til at han frir til ei anna kvinne. Prinsesse Odette truar med å ta livet av seg, og kastar seg i sjøen. Full av sorg følgjer prinsen etter.

Balletten er forteljinga om ekte kjærleik som erobrar alt. Om forvandling og trolldom, truskap og svik, svart mot kvitt.

Svanesjøen hadde urpremiere med Václav Reisinger sin koreografi i Moskva i 1877. Marius Petipa og Lev Ivanov laga ny koreografi til oppføringa i St. Petersburg i 1895, ein versjon som førte til at Svanesjøen er den aller mest populære av dei romantiske, klassiske ballettane.

Framifrå solistar og dansarar, fabelaktig scenografi og kostyme kombinert med storslått lyssetting ventar publikum når St. Petersburg Festival Ballet kjem til Operahuset Nordfjord 25. november.

Tchaikovsky sin nydelege musikk er innspelt av Hungary Festival Orchestra på førehand, og blir avspelt via lydanlegget i operasalen.

St. Petersburg Festival Ballet med kunstnarisk leiar Alexander Abaturov, vart skipa i 2009 for å presentere tradisjonane og sjela til St. Petersburg-balletten. Mange av aktørane i ensemblet er rekruttert frå The Vaganova School i St. Petersburg, og truppen har gjort stor suksess på turné over heile Europa.

Arrangør er Ovation Events

Billettsalet skjer utan automatisk "koronaavstand", og det er opna opp for meir enn 200 publikummarar. Vi håpar at dette er realiteten når vi kjem til 25. november. Billettkjøparane blir kontakta om det blir restriksjonar som får konsekvensar for plassering i sal, antal osv.

Date/Time

Date Time Arena/Place
25 Nov
Thursday 25 nov 2021 7:30 PM - 10:00 PM Operahuset Nordfjord

Contact information

Phone number (booking)
+47 958 89 159
Phone number
+47 958 89 159
Contact person email
[email protected]
Website
http://www.operahuset.no

Customer Service

Our local knowledge, your experiences.

Tlf +47 57 87 40 40

E-mail to [email protected]

Terms & Conditions


Book with us

  • Official bookingsite for Nordfjord
  • No booking fees
  • Secure online payment
  • Quick and easy
Build: 4/14/2021 11:03:12 AM, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails