Riding på Harpefossen | Norsk Fjordhest senter

Address: 6770 Nordfjordeid Vis kart

Address: 6770 Nordfjordeid

Norsk Fjordhestsenter i samarbeid med Harpefossen skisenter, tilbyr rideturar på fjordhestar i flott Nordfjordnatur omkransa av majestetiske fjell. Turen går på skogsveg og turveg gjennom idylliske setrar.

Rideturane passar både for nybyrjarar og dei som har erfaring med hest. Før turen får ein ei innføring i stell av hest og riding, og ein får anledning til å gjere seg fortruleg med hesten ein skal ri. Dei som ynskjer det kan sjølve sale og klargjere hesten. Norsk Fjordhestsenter samarbeider i sommar med Harpefossen Skisenter om rideaktivitetane i Hjelmelandsdalen.

Den mest populære turen er rundtur til Brekka i skrittetempo langs den Gamle Trondhjemske Postvegen. Turen tek ca. 2,5 timar, aldersgrense 9 år.

Vi organiserer også skreddarsydde turar med matservering for mindre grupper.

Bestill no

Vis meir

Om denne aktiviteten

Hotell

Nordfjord Hotell

Avstand: 298 meter
Nordfjord Hotell har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet har heis.

Pris frå 1500 NOK

Per rom/natt
Pris frå 1500 NOK