Stad - knappen

Address: Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid Dato: Måndag 22 jun 2020 - torsdag 31 des 2020 Vis kart

Address: Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid

Kjøp fellesbillett for Sagastad, Selje Kloster og Norsk fjordhestsenter og besøk alle i sommar. Dei som fullfører og får stempel frå alle tre får Stad-knappen og ei overrasking den siste staden. Fellesbilletten kjøper du her eller ved ein av attraksjonane.

Opplev landets største vikingsip på Nordfjordeid, landets eldste kloster på Seljeøya og den vakre fjordhesten ved Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid.
Passar for barnefamiliar såvel som seniorar.
Eige aktivitetsprogram på søndagane ved dei ulike attraksjonane utover sommaren.

Fellesbillett kun kr. 500,- pr. person. Gratis for born opp til 12 år!

Sagastad: Billetten inkluderer inngang til senteret i det vakre signalbygget med Myklebustskipet, utstillinga og historia om båtbyggjarane. Senteret er ope kvardagar 10.00 – 17.00 heile sommaren.
Søndagar ope frå kl. 11.00 – 15.00. Sjå www.sagastad.no

Selja Kloster med klosterbåten: Billetten inkluderer båttur til sagaøya Selja, med unik kultur frå vikingtida og middelalderen. Landets første pilgrimsstad. Digital guiding på appen AISpot.
Klosterbåten har avgangar heile året. Frå 29. juni til 16. august kl. 11.00 og 13.15 alle dagar. For øvrige rutetider:
Sjå www.seljamonastery.no

Norsk fjordhestsenter: Fjordhesten er ei av dei eldste hesterasane i verda, og i Nordfjord møter du fjordhesten i det landskapet som har skapt den. Billetten inkluderer inngang med omvisning.
Norsk Fjordhestsenter er ope for omvising og besøk kvardagar 10-15, helg 12-15 i perioden 14. juni – 16. august. Turar kvar dag.
Sjå www.norskfjordhestsenter.no

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Telefon booking
    +47 990 46 022
  • Telefonnummer
    +47 578 62 200
  • Kontakt e-post
Build: 03.07.2020 18:01:16, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails