Kvitegga | Vinter

Address: 6190 Bjørke Dato: Tysdag 28 jul 2020 - måndag 28 jul 2025 Vis kart

Address: 6190 Bjørke

For å komme til starten av turen køyrer ein mot Tryggestad 4 km utanfor hellesylt mot Hornindal. Her tar ein av inn på fv 655 og køyrer 1,4 km. Her i frå går det ein grusveg opp mot venstre, etter 200m kjem ein til eit grustak der ein kan parkere.

For å komme til starten av turen køyrer ein mot Tryggestad 4 km utanfor hellesylt mot Hornindal. Her tar ein av inn på fv 655 og køyrer 1,4 km. Her i frå går det ein grusveg opp mot venstre, etter 200m kjem ein til eit grustak der ein kan parkere.

Frå parkeringa går du mot vest midt i Snødalen og siktar deg inn på Brattbakken som ligg mellom Kvanngrønibba og Blåfjellet. I starten er det ein fordel å følge sommarråsa eit stykke opp gjennom skogen då skogen er svært tett. Når du er komen oppom skogen, går du beint mot Brattbakken på kote 1300 og kryssar opp denne. Brattbakken er ein isbre med ei helling på 35 grader. Mykje av turen går på bre, og det kan vere bresprekker du må passe deg for. Utstyr for ferdsel på bré kan vere nødvendig. Når du er komen opp Brattbakken tek du sikte på topp 1587 og komen dit må du ned ca 20 hm før du svingar mot nord og går opp mot toppen. Pass på å ikkje gå for nær utpå kantane då der kan vere store utoverhengande skavlar. Nedkøyringa går etter same rute som opp, men vil nok verte litt lenger då dei fleste brukar meir av terrenget på nedturen.

Rutebeskriving henta frå morotur.no

Vis meir

Anledning

Dato    
22 Sep
Tysdag 22 sep 2020
23 Sep
Onsdag 23 sep 2020
24 Sep
Torsdag 24 sep 2020
25 Sep
Fredag 25 sep 2020
Build: 21.09.2020 16:12:58, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails