Dagsturhytta | Stryn

Dato: Måndag 22 jun 2020 - søndag 22 jun 2025 Vis kart

Hytta til Stryn kommune ligg på Kloppemyra. Ho har vedomn, innvendig lys og sanitæranlegg.

Tilkomst og parkering
To høve for parkering: ved Tonningsøyra eller Stryn vinterski.

Stien til hytta
Frå parkeringsplassen på Tonningsøyra går den merka stien langs Vikaelva heilt opp til Kloppemyra. Derifrå kan du gå vidare i retning Stryn vinterski. Det er svak stigning, for det meste i lett skogsterreng. Hytta ligg på om lag 250 moh.

Frå parkeringsplassen ved Stryn vinterski (350 moh.) følgjer du turløypetraseen ca. 500 m, svingar til venstre og følgjer merka sti nedover mot Kloppemyrhytta/sentrum.

Avstandar
Frå parkeringsplass Tonningsøyra til Kloppemyrhytta: ca.1,5 km. 30–45 min roleg gange.
Frå parkeringsplass Stryn vinterski til Kloppemyrhytta: ca.1,7 km. Ca. 30–45 min roleg gange.


Kommunekontakt
Ta kontakt med Stryn kommune ved spørsmål og tilbakemelding om sjølve hytta

Vis meir

Anledning

Dato    
8 Jul
Onsdag 8 jul 2020
9 Jul
Torsdag 9 jul 2020
10 Jul
Fredag 10 jul 2020
11 Jul
Laurdag 11 jul 2020
Build: 07.07.2020 15:54:02, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails