Vestkapp

Address: 6750 Stadtlandet Vis kart

Address: 6750 Stadtlandet

496 meter over Stadhavet, på fjellplatået Kjerringa, ligg vakre Vestkapp som er eit av dei mest spektakulære utsiktpunkta på kysten av Norge.

Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. Vestkapp er et turistmål med flat vidde, bratte skrentar og imponerande panoramautsikt i alle himmelretningar. På godvêrsdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet. 

På Vestkapp finn du det verste og beste vêret, den beste utsikta og ei unik historie med særprega kulturtradisjonar. Vestkapp gir deg ekstreme opplevingar i behagelege omgjevnader.

Området er kjent for skiftande vêr, frå speilblankt hav til storm og orkan. I løpet av kort tid kan tåke legge seg over Kjerringa og Vestkapp. Sjøvegen rundt Stad og Vestkapp er berykta for sine straumar og raskt skiftande vêr. Mange skip har enda ferda si i desse farvatna, som omtalast som eit av dei mest vêrharde områdane i Norge.

På dei få kilometerane frå Sildegapet i sør til Ervik i nord er det lokalisert heile 58 skipsvrak.

Å gå på fjelltur på Stadhalvøya er ei spesiell oppleving fordi ein har utsyn mot det mektige storhavet samstundes som ein er høgt til fjells.

Vis meir

Om denne aktiviteten

  • Telefonnummer
    +47 57874040

I nærområdet


Unfortunately there is nothing to show in the nearby area. Instead, try a different category.
Build: 22.05.2020 22:37:54, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails