Buldresenter | Hamna Aktivitetssenter

Address: Osvegen 10, 6770 Nordfjordeid Dato: Torsdag 13 feb 2020 - torsdag 13 feb 2025 Vis kart

Address: Osvegen 10, 6770 Nordfjordeid

Buldring kjem frå klatring på store steinar, som på engelsk er kalla «Boulders». Dette vart gjerne brukt som trening for klatring i fjellet, men har opp gjennom tida utvikla seg til å bli ein eigen form for klatring.

Innandørs handlar buldring om å klatre utan tau, gjerne på eigne «ruter» som nokon har bestemt for deg, eller som du bestemmer sjølv, og som er ei viss vanskegrad. Når du når toppen kan du trygt hoppe ned på ein madrass som ligg under. Høgda på rutene er tilpassa at ein klatrar utan tau.

Buldring er ein enkel form for klatring der det einaste utstyret ein treng er klatresko og eventuelt ein pose med kalk. Her blir ein sett på prøve både reint teknisk og fysisk. Buldreveggen har ein maks høgde på 4.5 m og er hos oss designa og bygga av Tjelmeland Friksjon som består av erfarne klatrere med lang erfaring i bygging av buldre- og klatreveggar.

Buldring hos oss skjer over ein 30 cm tjukk madrass levert av Benky som er lagt i alle fallsoner og er i samsvar med forskrifter. Dei ulike rutene du kan prøve deg på er merka med fargekodar, der fargane fortel deg kva vanskegrad ruta er i.

Buldring er leikent og sosialt, og denne formen for trening kan gjerast ilag med andre uavhengig av alder, erfaring og fysikk. Dette er fordi ulike vanskegrader av ruter er ved sidan av kvarandre, og buldringa er kun avhengig av deg sjølv og ikkje alle andre. Vi tenker at dette kan vere ein perfekt familieaktivitet der alle i familien kan vere i aktivitet saman utan at ulikheitane er til hindring for å ha det kjekt ilag.

Buldring er også både ein innandørsaktivitet og ein utandørsaktivitet. I Nordfjord er det fleire områder som er utvikla for buldring og mange områder er også under utvikling. I buldrehallen er det stor variasjon av buldre med ulik vanskegrad, og dei er satt opp av erfarne ruteskruarar. Buldra vert heile tida skifta ut slik at det alltid skal være nye utfordringar for alle.

Alle som bruker buldreveggen må gjere seg kjend med «Buldrevettplakaten» slik at alle er trygge i buldreområdet.

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
18 Feb
Tysdag 18 feb 2020 09:00
19 Feb
Onsdag 19 feb 2020 09:00
20 Feb
Torsdag 20 feb 2020 09:00
21 Feb
Fredag 21 feb 2020 09:00

Om denne aktiviteten

  • Telefon booking
    +47 413 65 547
  • Telefonnummer
    +47 413 65 547
  • Kontakt e-post
  • Nettside
  • Opningstider
    Merk at buldreveggen kun er åpen når senteret er bemanna. Dette gjeld fram til trappehuset er ferdig.
Build: 17.02.2020 17:49:08, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails