Buldresenter | Hamna Aktivitetssenter

Address: Osvegen 10, 6770 Nordfjordeid Dato: Tysdag 28 jul 2020 - måndag 28 jul 2025 Vis kart

Address: Osvegen 10, 6770 Nordfjordeid

Ta familien med til Nordfjord sin største buldrehall på Hamna Aktivitetssenter i Nordfjordeid.

Buldring er ein enkel form for klatring der det einaste utstyret ein treng er klatresko og kalk. Her blir ein sett på prøve både teknisk, psykisk og fysisk. Buldreveggen har ein maks høgde på 4.5 m.
Buldring på Hamna skjer over ein 30 cm tjukk madrass som er lagt i alle fallsoner og er i samsvar med forskrifter. Dei ulike rutene du kan prøve deg på er merka med fargekodar, der fargane fortel deg kva vanskegrad ruta er i.

Buldring er leikent og sosialt, og denne formen for trening kan gjerast ilag med andre uavhengig av alder, erfaring og fysikk. Dette er fordi ulike vanskegrader av ruter er ved sidan av kvarandre, og buldringa kun er avhengig av deg sjølv og ikkje alle andre. Dette er ein perfekt familieaktivitet der alle i familien kan vere i aktivitet saman utan at ulikheitane er til hindring for å ha det kjekt ilag. I buldrehallen er det stor variasjon av buldre med ulik vanskegrad, og dei er satt opp av erfarne ruteskruarar. Buldra vert heile tida skifta ut slik at det alltid skal være nye utfordringar for alle.

Buldring er også både ein innandørsaktivitet og ein utandørsaktivitet. I Nordfjord er det fleire områder som er utvikla for buldring og mange områder er også under utvikling.
Alle som bruker buldreveggen må gjere seg kjend med «Buldrevettplakaten» slik at alle er trygge i buldreområdet.

Barn under 12 år må være i lag med ein vaksen i buldrehallen.

Opningstider:
Mandag - Fredag: 09.00-21.00
Lørdag og Søndag: 10.00-20.00

Merk at drop-inn prisene gir tilgang til heile Hamna Aktivitetssenter som har eige klatreavdeling for barn, buldrehall og fullverdig treningssenter med gruppetimar. Dersom foreldra ønsker å nytte fasitlistene utover barnepass av eigne barn må dei også betale drop-inn pris. I tillegg finnes det ein klatrebutikk og moglegheit for bursdagsfeiring for barna. Eigne regler og aldersgrense i buldreveggen og treningssenteret må følges for alles sikkerheit.

Vi møtast på Hamna!

Vis meir

Anledning

Dato Tidspunkt    
18 Sep
Fredag 18 sep 2020 09:00
21 Sep
Måndag 21 sep 2020 09:00
22 Sep
Tysdag 22 sep 2020 09:00
23 Sep
Onsdag 23 sep 2020 09:00

Om denne aktiviteten

  • Telefon booking
    +47 413 65 547
  • Telefonnummer
    +47 413 65 547
  • Kontakt e-post
  • Nettside
  • Opningstider
    Merk at buldreveggen kun er åpen når senteret er bemanna. Dette gjeld fram til trappehuset er ferdig.
  • Prisinformasjon
    Priser Drop-inn: Mandag – Fredag kr.125,- Lørdag og Søndag kr.150,- Leige av klatresko kr. 50,- For priser på klippekort, medlemskap og annen informasjon se: www.hamnatrening.no. Du kan også følge oss også på facebook og Instagram for oppdatert informasjon.
Build: 28.08.2020 17:01:56, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails