Vetvika

Address: 6727 Bremanger Vis kart

Address: 6727 Bremanger

Den forblåste, vêrutsatte og veglause Vetvika blei heilt fråflytta i 1951. Sjølv om det var rikt fiske og plass til mange husdyr, så var det for tungvint å bu på ein plass der ein ofte var isolert frå omverda i 3 månedar på vinteren grunna stormar til havs, og snø på fjellet. I dag står kun ruinane att etter dei gamle gårdane, saman med telefonpålar og den freda gravplassen med 9 graver.

Lenge var Vetvika ein hemmeligheit kun eit fåtall av folk i Bremanger viste om. I dag derimot, sprer ryktet seg fort om den hemmelige vika som er den «vakraste plassen på jord».

I Vetvika møter den kritkvite fine sandstranda det azurblå havet der bølgene rullar inn frå storhavet. Ein har grønne bakkar med spesielle planteførekomstar som dekker til sanddynene som strekker seg heilt opp til dei loddrette svarte klippeveggane som omkrinsar vika – eit vitne om dei voldsomme kreftene som er på ferde når vinterstormane slår inn frå vest.

I Vetvika går solnedgangen direkte ned i havet, og ein kveld her i telt, er eit minne for livet. Ein kan komme seg til Vetvika ved å gå over fin fjellsti i 3 timar frå Svarstad på Bremangerlandet.

Ellers, så kan ein komme i båt frå bygdene i Bremanger/Kalvåg eller Måløy.
Kjem ein sjøvegen, kan ein sjå innom holmen Veststeinen som ligger 2km utanfor vika. Her hekkar sjøfuglar som lundefuglar i hopetal, og det er ein stor bestand av selar som held til her. Veststeinen er freda, og det er ikkje lov å gå i land når det er hekketid. Har ein med brett, er det ofte gode tilhøve for å surfe i Vetvika.

Vis meir

I nærområdet


Unfortunately there is nothing to show in the nearby area. Instead, try a different category.
Build: 19.02.2020 12:30:20, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails